HjemNyheterSmittestatus Austrheim per fredag 26. november 2021

Smittestatus Austrheim per fredag 26. november 2021

Ei kort oppsummering:

  • Dei som er sjuke er fordelt mellom at dei er asymptomatiske, eller har symptom tilsvarande ei forkjøling eller influensaliknande sjukdom.
  • Ingen alvorleg sjuke, og ingen herifrå på sjukehus på grunn av Korona.
  • Ikkje smitte inn på sjukeheimen.

Austrheim har ei forskrift som gjeld fram til 5. desember. Oppmodar på det sterkaste til at folk etterlever denne, for å unngå at smitten sprer seg. Klikk her for å lesa den:

Dette gjeld bruk av munnbind, halda avstand, reine hender, ikkje handhelsa med meir, og aller viktigast: At folk heldt seg heime ved teikn til nyoppståtte luftvegssymptom, og at spesielt vaksne og ungdommar då må testa seg.

Om ein opprettheld desse relativt enkle tiltaka, kan alle gjera sitt for å halda smitten nede, og sikra at alle får ein god juleferie med familien.

Les gjerne meir i saka som vart lagt ut onsdag: Hugs påbod og råd!


Sist oppdatert: 01.12.2021
Publisert: 26.11.2021