HeimNyheterSløkker lyset under Earth Hour

Sløkker lyset under Earth Hour

Mellom klokka 20.30 og 21.30 (norsk tid) laurdag 26. mars er det igjen den årlege «Earth Hour», der folk og institusjonar over heile verda sløkker av mest mogleg lys for å markera støtte til arbeidet mot menneskapte klimaendringar.

WWF Verdens naturfond oppmodar flest mogleg til å delta, og det er ei oppfordring som Austrheim-ordførar Per Lerøy støttar.

– I år sløkker ein lyset under Earth Hour også som ei markering mot krigen i Ukraina, seier Lerøy.

Generalsekretær i WWF Verdens naturfond, Karoline Andaur, viser til at krigen i Ukraina kjem på toppen av klimakrisa.

– Earth Hour gjev oss ein sjanse til å visa at me står saman for jorda vår, og at me krev handling for ei tryggare, meir rettvis og meir berekraftig framtid, seier Andaur i ei pressemelding.

Her i Norge deltek mellom anna Det kongelige hoff, Den Norske Opera, utdanningsinstitusjonar og mange kommunar i markeringa.

Det verdsomspennande Earth Hour-markeringa vart i Norge markert for første gong i 2008, etter at markeringa vart starta i Australia året før.


Sist oppdatert: 26.03.2022
Publisert: 26.03.2022