HeimNyheterSlik unngår me smitte på legekontoret

Slik unngår me smitte på legekontoret

Aller først: 
- Har du lu
ftvegssymptom så SKAL DU IKKJE møta opp legekontoret, du må alltid ringja på førehand!

Og vidare, nokre enkle levereglar som reduserer unødvendig kontakt med andre og dermed reduserer smittepresset:

- Dei som skal til lege på Austrheim legekontor må komma til klokkeslettet timen er, ikkje lang tid på førehand. Vent til dømes i bilen før det nærmar seg din time.

- Har du følge med til legekontoret, som skal vera med inn til legen eller på laboratoriet, så skal skal følgepersonen venta utanfor heilt til pasienten skal inn.

- Er det mange på legekontoret så må alle nye venta ute for å unngå trengsel, både pasient og evt. følge. 

 

Tiltaka skal sikra at det ikkje er så tett med folk på venterommet, for på den måten å redusera smittefaren dersom ein person er smitta utan å vera klar over det. Vidare kan det med mange andre oppgåver for legane no bli ein del ventetid, og då er det viktig at ein ikkje er tidleg ute og fyller opp venterommet unødig før oppsett time. 

 

Legekonsultasjonane er for tida 15 minutt, det er viktig at alle respekterer dette. 

Med enkle tiltak som dette kan me saman redusera smittefaren, og hindra smitte til andre som er på besøk til legekontoret, og til personalet som jobbar der.


Sist oppdatert: 20.04.2020
Publisert: 20.04.2020