HeimNyheterSkulane opnar att for 1.-4. klasse

Skulane opnar att for 1.-4. klasse

Det er vedteke at skulane skal delvis opnast att frå måndag 27.04.2020. Måndag 20. april publiserte Utdanningsdirektoratet rettleiaren sin for smittevern i skulane og SFO, som også vil gjelda her i Austrheim når skulane opnar att for 1.-4.steg og SFO. Rettleiaren er tilgjengeleg på direktoratet sine nettsider, og de kan lese alle tilrådingar og tiltak der. 

Når vi på måndag tek i mot skuleelevane att, er det i trygge skular i tråd med tilrådingane. Vi legg ut informasjon på heimesida og facebooksida vår, der de kan sjå korleis vi gjer dette. Det er tilrådd at ein kan ha «kohortar» (mindre faste grupper) på inntil 15 elevar i kvar kohort, men i Austrheim vil vi halde desse så små som mogleg og vil liggje på om lag 10 elevar i kvar kohort. Dei ulike skulane vil også gje informasjon som vil gjelda særskilt hos dei.

Vi ber om at de også hjelper til med å følgje hand- og hostehygienetiltaka heime også. Det er viktig at elevane har vaska hendene før dei kjem til skulen. Vi vil den første tida ha noko redusert opningstid i SFO, for å få ein god tilbakeføring til skule- og sfo-kvardagen. Opningstida vil vere frå kl 0800-1530. Dei ulike skulane vil sende ut informasjon vedk. behov for SFO-plass og vil også gje informasjon om når opningstida vil endra seg. 

Vi vil inntil vidare ikkje servere mat i SFO og ber difor om at elevane har med eigen matpakke til alle måltid både i skule og SFO. 

Det er viktig å seie at elevar med symptom på luftvegsinfeksjon, skal vere heime inntil 1 døgn etter at symtoma er borte. Elevar med symptom, vil verte sendt heim.

Foreldre/føresette som har symptom på luftvegsinfeksjon skal ikkje levere eller hente elevar på skulen. Vi ber også om at foreldre/føresette så langt som det er mogleg, ikkje kjem inn på skulane i denne tida.

For dei yngste elevane og elevar med særskilte behov kan det vere særs vanskeleg å regulera avstand til andre og då er det viktigaste tiltaket å avgrensa talet på nærkontaktar for kvar elev og tilsett, til dømes gjennom å ha mindre grupper og faste tilsette for kvar gruppe/klasse. Dette vert kalla "kohortar", og i skulane vil dette no vera det viktigaste utgangspunktet for å avgrensa smitte. Ein kohort må vera ei fast gruppe med elevar og tilsette, som vert blanda minst mogleg med andre grupper. Som nemnd, vil vi gjere det vi kan for at desse skal vere færrast mogleg. 

Her er er ein del av punkta i rettleiaren:

- For å unngå for tett kontakt mellom kohortane, må det leggjast opp til auka bruk av uteaktivitetar og uteskule, så langt dette er mogleg.
- Handhelsing, klemming og ikkje-naudsynt kontakt må unngåast i den grad det er mogleg.
- Unngå trengsel på veg inn og ut av skulen, og på toalett.
- For å unngå fleire kohortar saman, kan leikeplassar/uteområde delast inn i soner.
- Elevane vil ha sin eigen pult og vil også ha ansvar for å vaske av pulten sin.
- Elevane skal i minst mogleg grad bytte klasserom, det vil i stor grad vere den vaksne som kjem til klassane.
- Ha ulike tidspunkt for friminutt, for å avgrensa talet på elevar som er ute samstundes.
- Kartleggja og planlegga ulike oppmøte- og hentetider, for å unngå trengsel i garderoben.
- Tilstreba at føresette ikkje blir med inn på skulen/i garderoben dersom det ikkje er naudsynt.
- Avgrensa bruk av offentleg transport til og frå skule.
- Elevar skal ikkje dela mat og drikke. Mat skal serverast porsjonsvis.
- Elevar bør eta i sine kohortar.
- Ein skal avgrensa deling av materiell, og leikar, læringsmateriell og anna skal ikkje delast mellom kohortar før leikane er reingjort.
- Leikar skal ikkje takast med heimefrå.
- Klassebamsar må vere i karantene under Covid-19-utbrotet.
- Tilsette skal halda avstand til kollegaer i andre kohortar.
- Fysiske møter og pausar der fleire skal samlast skal avgrensast, og der det er mogleg skal ein nytta videokonferansar istadenfor fysiske møte.
- Det vert tilrådd at dusjing vert utsett til elevane kjem heim. Det vert også tilrådd at det blir lagt opp til utegym.
- Aktivitetar med nærkontakt mellom elevar som til dømes einskilde lagidrettar, pardans, kampsport eller liknande bør unngåast.
- Unngå at elevar delar på blåseinstrument og at andre instrument (handhaldte og tangent) må dei berørte områdene tørkast av etter bruk.
- Deling av utstyr skal i minst mogleg grad nyttast, noko som også gjer at kunst- og handverkundervisninga kan verte annleis.

Vi kjem ikkje til å ha innandørs kroppsøving i tida som kjem og legg opp til mest mogleg utegym og uteaktivitetar. ymsalane/ drettshallen vert difor i første omgang ikkje nytta til kroppsøving og aktivitet. 

Austrheim kommune vil nytta rettleiaren i arbeidet vårt for at det skal opplevast trygt og godt både for elevar og foreldre/føresette at skulane no opnast att. Når opninga vart annonsert sette kommunen i gang førebuande arbeid som skal sikra både forsterka reinhald, godt smittevern og ekstra, daglege hygienetiltak.

Informasjon vil koma frå skulane om korleis dette no vert organisert frametter.

Dei som vel å halde elevane heime, sjølv om skulane no er opna og ikkje er i risikogruppa, vil sjølv vere ansvarleg for heimeundervisning. Skulane kan ikkje følgje opp desse elevane i tillegg til dei som er i risikosona og er heime av den grunn og dei som no skal attende til skulen. Det vert de som foreldre/føresette som vert ansvarleg for opplæringa i den tida de held borna dykkar heime. 

Elevane på 5.-10.trinn vil framleis ha heimeundervisning. Dei vert følgt opp av lærarane ved skulane og med eige opplegg. Det er sagt at det skal vere ei gradvis opning og vi veit difor enno ikkje kortid desse elevane kan koma attende på skulen. Vi håpar at alle skal vere attende før sommaren. Vi følgjer dei nasjonale tilrådingane og vil gje informasjon så snart vi veit framdrifta. 

Velkomen attende til Austrheimsskulen! Vi gler oss til å møta dykk att 😊

Austrheim, 22.04.2020
Bjørnar Fjellhaug
Kommunalsjef oppvekst og kultur

Vedlegg: - Informasjon til foreldre i skulen (UDIR)


Sist oppdatert: 23.04.2020
Publisert: 23.04.2020