Sjøleidning på plass frå Utkilen til Mastrevik

IMC Diving legg ny vassleidning til Mastrevik foto Alf Kvant i Austrheim kommune

Frå arbeidet med sjøleidning over Vikaosen. Foto: Alf Kvant - Austrheim kommune.

IMC Diving hadde jobben med å få på plass sjøleidningen, etter at Alversund maskinstasjon har lagt fram ny vassleidning og gjort klart på begge sider av Vikaosen.

Etter at det tidlegare er lagt ny sjøleidning frå Vardetangen og til Utkilen, og jobba med nye vassleidningar på land, er det no berre mindre arbeid som står att før kommunen får ei sikker framføring til kommunesenteret i Mastrevik.

Auka kapasitet

Arbeidet gjev ei sikrare vassforsyning på fleire måtar. Dei gamle sjøleidningane kan ryka, men no vert det dobbel framføring slik at det kan gå vatn i ein sjøleidning om den andre ryk. Vassleidningsbrot på land kan ordnast på timar, men om sjøleidningane ryk kan det gå mange dagar før rett utstyr er på plass.

På sommardagar med høgt forbruk har mange abonnentar opplevd dårleg trykk på vatnet. Den nye vassleidningen gjev auka kapasitet, når arbeidet er fullført med ein ny leidning frå det gamle kommunehuset og fram til vasstårnet på Årås.

Kjøper vatn av Alver

Austrheim kommune kjøper vatn av Alver kommune, regulert i ein avtale som vart inngått mellom kommunane Austrheim og Lindås tilbake i 1986.

Vatnet vert levert frå Alver sitt anlegg på Litlås.

Det neste store vassforsyningsprosjektet i Austrheim er å få på plass ei reservevassforsyning, som kan sikra vatn til Austrheim heilt uavhengig av dei andre vassleidningane.

Frå arbeidet med sjøleidning over Vikaosen. Foto: Alf Kvant - Austrheim kommune.

Frå arbeidet med sjøleidning over Vikaosen. Foto: Alf Kvant - Austrheim kommune.


Sist oppdatert: 16.02.2022
Publisert: 16.02.2022