HeimNyheterSivilforsvaret testar tyfonar onsdag 11. januar

Sivilforsvaret testar tyfonar onsdag 11. januar

Sivilforsvaret testar to gonger i året varslingsanlegget for flyalarm, i januar og juni. Neste test er altså onsdag 11. januar klokka 12.00. Det er ikkje utplassert slike tyfonar i Austrheim, men om du bevegar deg inn mot Knarvik eller Bergen vil du kunna høyra alarmen.

Ulike signal

Signalet som vert brukt under testinga er tre seriar med eitt minutts opphald mellom kvar serie, det betyr «viktig melding - søk informasjon». Det kan vera informasjon som blir gitt på til dømes radio, TV, myndigheitene sine nettsider eller desse sine sider på sosiale media. Dette signalet kan brukes både i fred og krig.

Om sirenene varslar med korte støt i kring eitt minutt betyr det «fare for angrep - søk dekning», altså flyalarm. Dette signalet kan brukast om det er fare for flyangrep, eller ved øvingar i krigsberedsskap.

Om sirene varslar med samanhengande lyd i over eit halvt minutt, betyr det «faren er over».

Høyr dei ulike signala på Sivilforsvarets nettsider (ekstern lenke).

Dekkar halve landet - mobilvarsling er det neste

Det er utplassert kring 1.250 slike tyfonar/varslingsanlegg rundt om i Norge, gjerne i byar og tettstader. Signalene kan høyrast av kring halvparten av innbyggjarane i landet. 

For å få til ei varslingsdekning som gjev melding til alle, har det i fleire år blitt jobba med ei ordning for SMS-varsling. Dette arbeidet skaut fart som følge av krigen i Ukraina, og det vart i fjor haust tildelt kontrakt til Everbridge Norway for denne varslinga.

Denne mobilvarslinga vil ikkje bli testa i samband med testen av tyfonar/ varslingsanlegg som skal gjerast onsdag 11. januar.

Informasjon på ukrainsk

Цивільна оборона випробовує сигнал повітряної тривоги в Норвегії 11 січня

Двічі на рік, у січні та в червні, Цивільна оборона перевіряє системи оповіщення (сигнали повітряної тривоги), щоб перевірити їх працездатність та відремонтувати непрацююче обладнання.

У середу, 11 січня, о 12.00 у всіх муніципалітетах, які мають системи оповіщення, тестуватимуть попередження «Увага всім - шукайте інформацію».

Сигнал

Сигнал передається трьома серіями з однохвилинною паузою між серіями. Сигнал означає, що потрібно шукати інформацію, наприклад, по радіо, на телебаченні, в газетах, на сайтах органів влади та в соціальних мережах.

Система оповіщення

Норвегія має 1250 сигналів повітряної тривоги по всій країні, які попереджатимуть населення у разі екстренної небезпеки. Системи оповіщення в основному розташовані в містах і селищах, а сигнали чує близько половини населення.


Sist oppdatert: 10.01.2023
Publisert: 10.01.2023