HjemNyheterSiste veka med førehandsrøysting

Siste veka med førehandsrøysting

Det er ope for førehandsrøysting på kommunehuset i dag (laurdag 4. september) fram til klokka 14.00. Vidare neste veke er det ope for førehandsrøysting klokka 09-15, torsdag 09-19. Siste dag for førehandsrøysting er fredag 10. september.

På valdagen 13. september er røystelokala (Kaland skule og Austrheimhallen) opne frå klokka 14.00 til 21.00. Er du folkeregistrert i vår kommune, kan du velja fritt om du nyttar Kaland skule eller Austrheimhallen.

Bur du i ein annan kommune, så er det ikkje mogleg å røysta her i Austrheim på valdagen. Men under førehandsrøystinga er du velkommen, me sender røystesetelen din til rett kommune.

Dei som vil røysta heime, kan ta kontakt med Servicekontoret på telefon 56162000 eller e-post: post@austrheim.kommune.no, så avtalar me når kjem heim til deg. Dette kan til dømes vera aktuelt dersom det er vanskeleg for deg å komma til vallokalet på valdagen, eller hit til Servicekontoret under førehandsrøystinga.

Godt val :-)


Sist oppdatert: 04.09.2021
Publisert: 04.09.2021