HjemNyheterSiste drop in-vaksinering i Austrheimhallen 9. februar

Siste drop in-vaksinering i Austrheimhallen 9. februar

Du er velkommen til å ta 3. dose (må ha gått minst 4,5 månader sidan dose 2), eller til å ta dose 1 eller 2. Vaksinering er framleis eit viktig middel for å redusera verknadene av pandemien, anten ved å unngå smitte eller redusera påverknaden dersom du likevel blir smitta.

Merk at det berre er ein time vaksineringa er open, klokka 16.00 til 17.00.

Dette er siste gong det er planlagt drop in-vaksinering i Austrheimhallen, seinare vil det bli invitert til vaksinering med timebestilling, meir informasjon om dette når det er klart. Det er Pfizer sin vaksine som blir brukt.

Auka sjukefråvær

Som dei fleste sikkert kjenner til gjennom venner og familie, er det mange som har blitt smitta av Omikron-varianten av Korona-viruset. Dei som testar positivt på hurtigtest heime eller PCR-test på legekontoret, skal vera i isolasjon i fire døgn, og dessutan vera feberfrie i 24 timar før dei er tilbake i jobb.

Auka sjukefråvær vil framover vera utfordrande for både private bedrifter og kommunale tenester. Heimetenestene i Austrheim varslar streng prioritering framover, det kan du lesa meir om ved å klikka her.

Hurtigtest får du ved Austrheimhallen

Utdeling av hurtigtestar skjer no i garasjen til ungdomsklubben, ved Austrheimhallen, på kvardagar frå klokka 14.00 til 16.00. Det er ikkje utdeling av hurtigtestar på legekontoret.

Hurtigtest blir levert ut til dei som skal ha etter dei gjeldande retningslinjer, generelt er det no slik at ein skal testa seg ved symptom. Positive hurtigtestar skal meldast inn digitalt gjennom Remin, klikk her for å komma til registreringssida (ekstern lenke).

Det er berre eit fåtal som skal ha oppfølgjande PCR-test på legekontoret. Legekontoret tar berre PCR-test om det er medisinsk grunnlag for det, dette er for personar som søker helsehjelp (diagnostisk testing) og i alle tilfelle der ei PCR-analyse har innverknad på diagnostikk, differensialdiagnostikk og behandling.

Stadfestande PCR-test eller stadfestande antigen hurtigtest til profesjonell bruk vert også tatt for følgjande personar: Personar med primær eller sekundær immunsvikt, her under organtransplanterte og immunsupprimerte.

Det vert ikkje tatt PCR-test av barn om det ikkje er medisinsk grunnlag.

Test til ferie? Volvat eller Dr. Drop-in

Helsedirektoratet har presisert at det ikkje er ei kommunal oppgåve å ta PCR-test for dei som ønskjer Korona-pass til feriereiser eller liknande.

Dei som treng ein negativ PCR-test i samband med ferie i utlandet må nytta seg av private tilbydarar som til dømes Volvat eller Dr. Drop-in.

Skal du på ferie i Europa kan du lesa om kva krav ferielandet ditt har på ei nettside hjå EU. Sida heiter Re-Open EU, klikk her for å gå dit (ekstern lenke).


Sist oppdatert: 09.02.2022
Publisert: 09.02.2022