HeimNyheterAustrheim kommune sel brukt drone

Austrheim kommune sel brukt drone

Dette er ein drone som filmar i 4K, og har eit 20 megapiksel kamera som tek bilete med veldig god kvalitet.

Dronen flyr ved hjelp av app som DJI OG 4, Pix4Dcapture med fleire.

Ny pris på dronen var kr 17.000,- pluss sekk og ekstra batteri som er kjøpt inn seinare.

Det som følgjer med pakken er:

  • Phantom 4 Pro drone
  • Fjernkontroll
  • Fire batteri
  • Quick Start Guide
  • Propellar
  • Sekk
  • Ladar til fjernkontroll og batteri

Dronen har vore i kollisjon med eit tre, og kamera har fått seg ein smell, det heng litt å «dinglar».

Kamera fungerer, men styringa på det er ustabilt. Det er undersøkt kva som må fiksast på det, svaret er at kamera må skiftast då det er så små og skjøre delar i det at det ikkje lar seg reparera.

Dronen flyr greitt, men det ser ut for at nokre sensorar ikkje er heilt som dei skal når den skal landast, så veit ikkje om det er fleire skadar på den.

Dronen vert seld som eit reperasjonsobjekt, og det følgjer ikkje med nokon garanti. Dronen vert seld til høgstbydande, og bod kan leverast i lukka konvolutt til Servicekontoret vårt i 1. etasje på kommunehuset.

Merk konvolutten med «Bod på drone». 

Bodet må leverast inn seinast fredag 17.06.2022.

Alle bod vert opna måndag 20.06.2022. Høgste bod får dronen med tilbehøyr.

Har de spørsmål, kan desse rettast til Alf Kvant, mobil 94 50 67 55 eller e-post alf.kvant@austrheim.kommune.no

Drone

Drone

Drone


Sist oppdatert: 03.06.2022
Publisert: 03.06.2022