HjemNyheterRyddar i krattskog

Ryddar i krattskog

Eikeland trefelling fekk jobben med å skjera ned og fresa opp småskog og litt større tre. Dei som har vore ved Austrheimhallen har sikkert sett at det er fjerna tre både langs vegen inn dit, og langs gangvegen ned mot Mastrevikane.

Kor viktig det er å rydda krattskog vart aktualisert av den omfattande skogbrannen i Øygarden kommune på forsommaren, og i kommunestyremøtet 16. juni vart det gjort vedtak om å løyva midlar til å ta ein del område i kommunen.

Areal som tidlegare har vore nytta til jordbruk eller beite, og som har fått gro til, kan gje rask spreiing av eventuelle brannar. Tiltaket er dermed bra for å førebygga brann, i tillegg til at det for stien til Mastrevikane gjer det lysare og kjekkare å gå der.

Eikeland trefelling

Eikeland trefelling


Sist oppdatert: 04.08.2021
Publisert: 04.08.2021