Rydd ei strand

Det er framleis mykje boss langs strender og svaberg, både gammalt boss og ting som har komme flytande gjennom vinteren.

Laurdag den 4. mai er den nasjonale strandryddedagen, som er ein felles innsats for å gjera klart til sommaren. Kanskje kan du få med deg bygdelaget eller dei næraste naboane til å ta eit tak før badesesongen startar?

Du finn meir informasjon om strandryddedagen på Bergen og Omland Friluftsråd sine heimesider: www.bof.no 

Neptun Seniorklubb har sytt for at det er sett ut konteinarar for marint avfall som vert samla inn, ein på Stavesundholmen (i Kvalvågen) og ein på Langøykaien. Her kan ein lempa oppi avfall som vert samla inn i strandsona.

Sekkar kan ein som før henta på Servicekontoret på kommunehuset.

Takk til alle som gjer ein innsats for å reinska opp i den flotte skjergarden her i Austrheim!


Sist oppdatert: 02.05.2019
Publisert: 23.04.2019