Retningslinjer for besøkande på Nordliheimen
• Besøk må avtalast ein dag på førehand, ring mellom kl 09-14 kvardager, avtal med avdelingssjukepleiar eller kontorkonsulent (ved fråvær av desse ansvarleg sjukepleiar).
• Må loggføra besøk i besøksprotokoll.
• Besøkande må vera friske, frie for luftvegssymptom/forkjøling (som feber, hoste), ikkje vore i utlandet siste 10 dagar.
• Må utføra handhygiene ved ankomst, og når dei forlet sjukeheimen (innandørs og utandørs besøk).
• Besøk foregår på kaffistova, bebuarrom, eller utandørs.
• Kun 2 besøkande pr gang (husstandsmedlemmer vert rekna som 1 besøkande).
• Må gå direkte til rommet/ besøksrommet, fulgt av personalet.
• Må halda minst 1 meter avstand til bebuar, tilsette og den dei besøker. Bebuar kan ha nærkontakt med begrensa antal besøkande.
• Besøkande må unngå unødvendig berøring av kontaktflater inne på pasientrommet.
• MAX 2 bebuarar kan få besøk samtidig (evt. fleire ved utandørsbesøk).
• Etter kvart besøk må personalet vaska/desinfisera kontaktpunkt i rommet.
• Eigne retningslinjer ved terminalsjukdom.
Nordliheimen forventar at alle held retningslinjene og tar smittevernet på alvor.