HjemNyheterReint vatn på badeplassane

Reint vatn på badeplassane

Bading, padling

Miljøretta Helsevern har tatt prøvar av vatnet på seks badeplassar i Austrheim, og alle prøvane har fått karakteren "utmerka".

Prøvane vart tekne 27. mai, og dei seks plassane som er kontrollerte er: Årvika på Fonnes, Mastrevikane ved slippen, Mastrevikane ved båtplassane Øksnes, Finnsvågen/Austrheimvågen og Solesjøen. 

I alt vart det teke vassprøvar ved 42 badeplassar i Nordhordland og Gulen no i mai. Vasskvaliteten har fått karakteren "utmerket" ved alle desse badeplassane. Analyseresultata er vurderte etter EUs badevannsdirektiv, og skalaen er slik: Utmerka, god, tilstrekkeleg, dårleg.

Miljøretta Helsevern har redusert talet badeplassar som vert testa i Nordhordland og Gulen frå 59 i 2020, til 42 i 2021. Dette er gjort etter at det er tatt ei risikokartlegging på kvar badevatnet kan vera forureina. I Austrheim er prøvetalet redusert frå seks til fem, det er ikkje tatt prøve i Skjelvika i denne omgang.

Miljøretta Helsevern er ei eining i Alver kommune, som gjennomfører enkelte oppgåver også for andre kommunar.

Bildet er tatt i Årvika i 2018.


Sist oppdatert: 07.06.2021
Publisert: 07.06.2021