Dei aller fleste skal no ta Korona-hurtigtest heime (men berre dersom du har symptom). Dersom du får positivt utslag, vil kommunen gjerne at du registrerer det gjennom tenesta Remin, på lenka under:
Sjølvregistrering av koronatestar og nærkontaktar i Austrheim kommune | ReMin
PCR-testar tysdag og fredag
Legekontoret tar berre PCR-test om det er medisinsk grunnlag for det, dette er for personar som søker helsehjelp (diagnostisk testing) og i alle tilfelle der ei PCR-analyse har innverknad på diagnostikk, differensialdiagnostikk og behandling.
Stadfestande PCR-test eller stadfestande antigen hurtigtest til profesjonell bruk vert også tatt for følgjande personar:
- Personar med primær eller sekundær immunsvikt, her under organtransplanterte og immunsupprimerte.
Det vert ikkje tatt PCR-test av barn om det ikkje er medisinsk grunnlag.