HjemNyheterRegionale smitteverntiltak vedtekne for Austrheim

Regionale smitteverntiltak vedtekne for Austrheim

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har følgt situasjonen i Vestland dei siste vekene. Det har vore stigande koronasmitte over tid i regionen.

– Det er stor pågang av pasientar, og høge tal på sjukemeldingar og anna fråvær i helsetenestene både i kommunane og på sjukehusa. I tillegg er sjukehusa i regionen i gul beredskap. Situasjonen er svært utfordrande. Difor set vi i verk tiltak, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol i ei pressemelding om tiltaka, som gjeld alt frå klokka 21.00 fredag 3. desember.

Desse regionale tiltaka vert innførte med forskrift:

  • Påbod om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halda minst ein meter avstand i butikkar, kjøpesenter, kollektivtransport og taxi. Plikta til å bruka munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre grunnar ikkje kan bruka munnbind.
  • Påbod om at arbeidsplassar skal sørgje for at tilsette jobbar heimanfrå heile eller deler av veka, der heimekontor er mogleg utan at det går utover viktige og naudsynte tenester.
  • Avgrensingar for tal personar for private arrangement innandørs. Inntil 100 personar på offentleg stad eller i leigde eller lånte lokale.
  • Plikt for serveringsstader og arrangørar til å ha system for å registrera gjester, og for å varsla gjester om smitteeksponering.
  • Krav om bordservering av alkohol for serveringsstader og arrangement med skjenkeløyve.
  • Krav om sitjeplassar for serveringsstader med skjenkeløyve. Det kan maksimalt vera 600 i publikum på innandørs arrangement utan faste tilviste plassar. Dei skal delast i kohortar som ikkje er større enn 200 personar.

Tiltaka er dei same som blei iverksette for Oslo kommune og fleire kommunar i Innlandet og Viken fylke torsdag 2. desember.

Her gjeld forskrifta:

Forskrifta om regionale tiltak gjeld for følgjande kommunar i føretaksområdet til Helse Bergen:

  • Alver
  • Askøy
  • Austevoll
  • Austrheim
  • Bergen
  • Bjørnafjorden
  • Kvam
  • Osterøy
  • Modalen
  • Samnanger
  • Vaksdal
  • Voss
  • Øygarden

Helsedirektoratet støttar statsforvaltaren i oppmodinga om at følgjande kommunar følgjer smittesituasjonen i eigen kommune tett, og kontinuerleg vurderer behovet for forsterka tilrådingar og tiltak:

  • Eidfjord
  • Fedje
  • Gulen
  • Masfjorden
  • Ulvik

Trer i kraft 3. desember klokka 21.00

Dei regionale tiltaka vil tre i kraft i dag, fredag 3. desember klokka 21, og gjeld inntil vidare.

Pressemeldinga "Regionale smitteverntiltak i fleire kommunar i Vestland" , kan du finna på www.regjeringen.no, klikk her for å lesa (ekstern lenke)

Klikk her for å lesa sjølve forskriftsendringa (PDF)


Sist oppdatert: 04.12.2021
Publisert: 03.12.2021