HjemNyheterRedusert opningstid i barnehagane

Redusert opningstid i barnehagane

Frå og med måndag 20.12.21 og fram til og med måndag 31.01.22 har vi hatt redusert opningstid i Kaland barnehage og i Kystbarnehagen. Vi har framleis ein situasjon med noko låg bemanning i barnehagane, og ser behov for å halde fram med redusert opningstid nokre veker til.

Dette tiltaket vil halde fram til og med måndag 14.02.22. Opningstida vil i denne perioden vera kl. 08.00 – 15.30.

Barn som har føresette i samfunnskritiske jobbar vil framleis kunna få dekka sitt behov for opphald i barnehagen innanfor ordinær opningstid. Desse må ta kontakt med barnehagane.

Hald deg oppdatert

Reglar og oppmodingar i høve til nærkontaktar, karantene og testing er i stadig endring. På den statlege nettsida Helsenorge.no (klikk her) finn du siste nytt om nasjonale reglar og tilrådingar.

Med helsing
Trine Merete Jansen,
kommunalsjef oppvekst og kultur
Austrheim kommune                                                                         


Sist oppdatert: 27.01.2022
Publisert: 27.01.2022