Redusert kapasitet ved legekontoret
Frå måndag 10. juni vert det redusert legedekning ved Austrheim legekontor.
Publisert:
27.05.2024
Sist endra:
27.05.2024
Kombinasjonen av permisjonar og ferieavvikling gjer at legekapasiteten blir redusert gjennom sommaren. Den reduserte kapasiteten gjer at ein del alt oppsette timar må flyttast på, og det vil vera lengre ventetid for dei som bestiller time no.
Kommunen beklagar situasjonen og dei ulempene dette kan medføra for innbyggjarane, og jobbar med å få på plass vikar for å avhjelpa legemangelen.