Redusert framkomst på fv. 57 Gymnasbakken
Vestland fylkeskommune vil frå onsdag 6. oktober starta på reinsking og sikring av skjering langs fylkesvegen i Gymnasbakken.
Arbeidet vil gå føre seg på dagtid, då det vil kome ein del støy frå borearbeidet.
- Eit kortare strekk i eine felt inn mot skjering blir stengt frå kl. 08.30-15.00.
- I rushtida mellom 15:00-17:00 vil vegen vera heilt open.
- Frå klokka 17.00-21.00 kan vegen bli heilt stengt inntil 30 minutt. Utrykkingskøyretøy og buss i rute får passere.
Sikringsarbeidet vil gå over 3-4 veker. Det blir manuell dirigering på staden.
For oppdatert trafikkinformasjon sjekk 175.no

Sist oppdatert:
29.09.2021
Publisert:
29.09.2021