HjemNyheterPolitiet avsluttar Mongstad-støtte frå Heimevernet

Politiet avsluttar Mongstad-støtte frå Heimevernet

Heimevernet har bistått politiet med vakthald på fleire olje- og gassanlegg sidan starten av oktober, mellom anna på Equinor sitt anlegg på Mongstad.

Politiet var tidleg plass med auka vakthald, etter at det var fleire droneobservasjonar kring norske anlegg på land og offshore, samstundes som det var lekkasje frå Nord Stream-røyrleidningane i Østersjøen.

Politiet ba så om bistand frå Forsvaret, som løyste dette med å bruka Heimevernet til å ha vakthald på Mongstad og ved dei andre lokasjonane. Frå tysdag 29. november vil denne støtten verta avvikla, etter at Politiet avsluttar sitt ønske om støtte.

− Det overordna trusselnivået er ikkje endra, men politiet har no betre kontroll og oversikt over situasjonen, og det gjer at det ikkje lenger er behov for bistand frå Heimevernet, seier politidirektør Benedicte Bjørnland.

Ingen konkret trussel

I ei pressemelding (som kan lesast her) viser politidirektør Bjørnland til at det ikkje var nokon konkret trussel som låg til grunn for at ein ba om støtte frå Forsvaret, og at det heller ikkje er nokon konkret trussel no.

− Politiet ba i ein tidleg fase om støtte frå Heimevernet, for å sikra best mogleg beredskap i ein uoversiktleg situasjon, sjølv om det ikke var konkrete truslar mot norske olje- og gassinstallasjonar.

Politiet vil sjølv halda fram med auka patruljering opp mot utvalde objekt, i etterkant av at bistanden frå Forsvaret/Heimevernet no vert avslutta.

I pressemeldinga frå Politiet vert det vist til at dette med bistand vert vurdert fortløpande, og at ein gjerne skalerer raskt opp for så å ta ned tiltak når situasjonen opnar for det.

Ber om tips om mistenkeleg aktivitet  

Politiet i Nordhordland oppmodar framleis alle innbyggjarar som oppdagar mistenkeleg aktivitet på Mongstad om å melda frå.  

Du kan ringa lokalt politi på 56 35 56 70 (eller 02800). 

Naudssituasjonar skal som vanleg varslast til 112 (politiet), 113 (ambulanse) og 110 (brann).


Sist oppdatert: 29.11.2022
Publisert: 29.11.2022