HeimNyheterPlanstrategien på høyring

Planstrategien på høyring

Formannskapet i Austrheim kommune la i møte den 20.08.2020 (saksnr. 093/20) framlegg for Planstrategi for Austrheim kommune 2020-2024 ut på høyring. Den kommunale planstrategien skal vera eit hjelpemiddel for det nye kommunestyret til å avklare kva planoppgåver Austrheim kommune skal prioritera i perioden 2020-2024. Planstrategien skal formelt vedtakast i kommunestyret. Høyringsutkastet til planstrategien kan sjåast på heimesida til Austrheim kommune: www.austrheim.kommune.no og på link:

Høyringsutkastet til planstrategien finn du her på heimesida til Austrheim kommune.

Merknadar til framlegget for Planstrategi for Austrheim kommune 2020-2024 kan sendast til Austrheim kommune til e-post: post@austrheim.kommune.no eller til adresse: Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim. Høyringsfrist vert sett til 1. oktober 2020.

Rådmannen


Sist oppdatert: 21.08.2020
Publisert: 21.08.2020