HjemNyheterPlanstrategi for Austrheim kommune 2024–2027 - Kunngjering

Planstrategi for Austrheim kommune 2024–2027 - Kunngjering

Med atterhald om kommunestyret den 26.09.2024 godkjenner Planstrategi for Austrheim kommune 2024–2027 vert denne herved kunngjort. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova sin § 10-1.
Publisert: 09.09.2024
Sist endra: 09.09.2024

Planstrategien skal vera eit prioriteringsverkty, slik at det planarbeidet som har størst effekt for å nå kommunen sine hovudmål og regionale/nasjonale mål vert prioritert.

I planstrategien er det skrive opp planar som kommunestyret ynskjer at administrasjonen skal koma i gang med i perioden 2024 – 2027. Det nye kommunestyret får her høve til å vurdere korleis planverket til kommunen svarar på dei utfordringane som kommunen ser som viktigast i perioden.

Planstrategien er ikkje formelt bindande, og kommunestyret kan seinare gjera endringar og prioritera om, dersom det er gode grunnar for det.

Planstrategien skal handsamast politisk av først formannskapet (torsdag 12. september), og deretter kommunestyret torsdag 26. september.

Her er lenke til sakspapiret til formannskap og kommunestyre, Godkjenning av Planstrategi 2024-2027 for Austrheim kommune, (klikk her)

Her er planstrategien 2024-2027 (klikk her)

Kommunedirektøren