HeimNyheterPlanstrategi for Austrheim kommune 2024-2027 - Høyring

Planstrategi for Austrheim kommune 2024-2027 - Høyring

Med atterhald om at kommunestyret den 20. juni 2024 gjer vedtak om å senda Planstrategi for Austrheim kommune 2024-2027 ut på høyring vert denne saka herved annonsert. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova sin § 10-1.
Publisert: 18.06.2024
Sist endra: 18.06.2024

Planstrategi er ei vurdering av kva planbehov ein kommune har og kva prioriteringar kommunestyret gjer i valperioden.

Planstrategien er ikkje formelt bindande, og kommunestyret kan seinare gjera endringar og prioritera om, dersom det er gode grunnar for det. Det er ynskjeleg at det kjem inn synspunkt på dette dokumentet, slik at saka vert godt belyst før den skal slutthandsamast i kommunestyret.

Du kan lesa Planstrategien på kommunehuset eller i sakspapira til møtet 20. juni (klikk her)

Merknad til planstrategien må sendast innan 12. august 2024 til Austrheim kommune,  Sætremarka 2, 5943 Austrheim eller til post@austrheim.kommune.no

Kommunedirektøren