HjemNyheterAustrheim planlegg meir vaksinering i veke 1

Austrheim planlegg meir vaksinering i veke 1

Legekontoret planlegg ein ny runde med drop-in vaksinering mot slutten av den første veka i januar 2022. Kva tid, og kva dag, kjem det meir informasjon om tidleg i neste veke.

Vaksinerer 18 år og eldre

Jamfør den siste tilrådinga frå Regjeringa, vert det no opna for vaksinering med tredje dose også i gruppa 18-44 år. Denne tilrådinga kom ein av dei siste dagane før jul (klikk her for å lesa, ekstern lenke).

Kravet er framleis at det har gått 4,5 månader sidan 2. dose med Korona-vaksine.

Etter at det hausten 2021 vart opna for å gje 3. dose med vaksine, har kommunen først prioritert gruppa 65 år og eldre, deretter 45-64 år. Vaksine har også vore prioritert til personar som av ulike grunnar vert rekna for å vera i risikogrupper, eller i andre grupper som skal prioriterast anten det er helsepersonell eller på grunn av jobb i barnehage eller skule.

Også mogleg med 1. og 2. vaksinedose

For dei som ikkje har tatt Korona-vaksine tidlegare, men som no ønskjer å ta denne, er det også mogleg å komma på drop-in for vaksinering. Det er også ope for dei som berre har den 1. dosen, og som no ønskjer å ta den 2. dosen. 

For landet sett under eitt er det per 30.12.21 gitt vaksine (1. dose) til 4.282.767 personar. Av desse har 3.918.456 også tatt 2. dose. For dei over 18 år er vaksineringsgraden på 92,5 prosent for 1. dose, og 89 prosent for 2. dose.

For Austrheim er desse tala ganske like. Av innbyggjarane som er 18 år eller eldre har 91,3 prosent tatt 1. dose, medan 89,2 prosent har tatt 2. dose. 

For 3. dose har ikkje Folkehelseinstituttet laga statistikk enno, men dei tala som finnest kan du finna ved å klikka på denne lenka (ekstern lenke).

Sjølvtest for elevar og tilsette i skulen

Kommunen har fått som oppgåve å skaffa sjølvtestar til tilsette i barnehage, grunnskule og i den vidaregåande skulen, og til elevar i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Desse skal testa seg i samband med skulestart i januar. 

Testane er fordelte til dei ulike skulane, og elevar og føresette får informasjon direkte om kvar og når dei kan henta test. For meir informasjon om dette les eiga sak på kommunen si nettside (klikk her for å lesa).

Sjølvtestar vert elles berre delt ut til personar med symptom, og nærkontaktar. Utdeling er framleis kvardagar mellom klokka 14.30 og 15.15, klikk her for å lesa meir på kommunen si nettside.

Legekontoret i nyttårshelga

Legekontoret er stengt i nyttårshelga, frå og med fredag 31. desember til og med søndag 2. januar. Ved behov for akutt hjelp i helga ta kontakt med Nordhordland legevakt på 116 117, eller ring alarmtelefon 113.

For Korona-test i nyttårshelga sjekk gjerne Bergen kommune, på deira nettside (klikk her):

Smittesituasjonen i Austrheim

Etter at det i november 2021 var registrert 48 personar med Korona-smitte, er talet så langt i desember 17 personar (registrerte per 30.12.21). Utviklinga har såleis vore bra i vår kommune.

Men samstundes er smittepresset høgt i nabokommunane våre, i Alver var det registrert 207 personar med Korona-smitte i november, og i desember har det nesten tredobla seg til 578 personar per 30.12.21.

Nasjonale råd og reglar

Dette viser at det er viktig å følgja dei grunnleggande Korona-råda:

  • Sei ja til vaksine.
  • Hald deg heime om du er sjuk, og ta test.
  • Ha ein meters avstand til andre enn dei du bur med, eller er tilsvarande nærståande til.
  • Bruk munnbind der dette skal brukast.
  • God hand- og hostehygiene, for å unngå høvesvis kontaktsmitte og dråpesmitte.

Her finn du plakaten med gjeldande nasjonale råd og reglar (klikk her, ekstern lenke).

Plakat nasjonale råd og reglar frå 151221


Sist oppdatert: 30.12.2021
Publisert: 30.12.2021