HjemNyheterPlanlegg du lyng- og bråtebrenning?

Planlegg du lyng- og bråtebrenning?

Det er forbode å brenna bål eller bråte under forhold som gjer at det kan føra til brann. Skal du brenna bål eller bråte, må du vera sikker på at det ikkje kan føra til brann. Gå aldri vekk frå eit bål eller annan eld, før bålet er heilt sløkt.

Når er det lov å brenna?

Heile sommarhalvåret, i perioden 15. april til 15. september, er det eit generelt forbod mot å gjera opp eld i nærleiken av skog og anna utmark, utan særleg løyve frå kommunen (etter søknad).

Om brannfaren er spesielt stor i ein periode, uavhengig av dato, kan kommunen innføra totalforbod mot å brenna bål i bestemte område.

Brenning av avfall er aldri lov, dette skal leverast til gjenvinningsstasjon, sjå oversikt hjå Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap (Ngir.no) (klikk på lenka).

Skal du brenna bål, og du har forsikra deg om at det ikkje er forbode etter det som er lista opp over, så har du framleis ansvar for at bålet ikkje kjem ut av kontroll.

Meld frå om lyng- og bråtebrenning

Ved lyng- og bråtebrenning må ein melda frå om dette via e-post på førehand, og med ei påminning på telefon same dag.

Brannsjefen i Nordhordland brann og redning (NHBR) handterer dette for Alver, Austrheim og Modalen kommune.

Meldinga må innehalde:

  • Namn på ansvarleg og telefonnummer til vedkommande.
  • Stad for lyng og bråtebrenning, adresse/stadnamn og gjerne kartutsnitt.
  • Tidsperiode for brenning.
  • Plan for handtering av uhell/ukontrollert spredning.

Du må melda frå minimum 3 arbeidsdagar før planlagt brenning.

Send e-post til Karl Johannes Romarheim:
karl.johannes.romarheim@alver.kommune.no
med kopi til Gunn-Torhild Ramslien:
gunn-torhild.ramslien@alver.kommune.no

Same dag som du skal brenna, gje beskjed til Nordhordland brann og redning på vakttelefon: 91 86 12 47


Sist oppdatert: 16.03.2022
Publisert: 16.03.2022