HjemNyheterPårørandeskule demens

Pårørandeskule demens

Erfaring har vist at noko av det som vert mest etterspurt i ein slik situasjon, er kunnskap om sjukdomen og korleis ein kan takla kvardagen.

Pårørandekurset er lagt opp som fem samlingar der kvar samling startar med ei timelang førelesing, deretter ein halv times pause, og til sist ein time oppfølgingssamtale i gruppe. Målsettinga for gruppesamtalane er drøfting av dagens tema, og å utveksla erfaringar som pårørande.

Datoar for samlingane er:

  • Tysdag 15. mars
  • Tysdag 22. mars
  • Tysdag 29. mars
  • Tysdag 19. april
  • Tysdag 26. april

Alle samlingane er frå klokka 18.00 til 20.30, på møterom i 6. etasje på Helsehuset i Knarvik (Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø).

Tema som vil bli presenterte er:

  • Demenssjukdom – sjukdomslære
  • Pårørande si rolle og eigenomsorg
  • Kommunikasjon med personar med demens
  • Kommunale tilbod – hjelpeapparatet
  • Pårørande og psykisk helse

Det kostar 300 kroner for deltaking på dei fem samlingane.

Påmeldingsfristen er fredag 11. mars, og du melder deg på ved å senda ein e-post til kommunepsykolog i Alver John Petter Wadseth, johnpetter.wadseth@alver.kommune.no, eller ringa han på 94 51 18 54.

Same kontaktinforasjon kan du bruka dersom du har spørsmål kring kursopplegget.


Sist oppdatert: 02.03.2022
Publisert: 02.03.2022