HjemNyheterOrienteringsmøte flytta til nett

Orienteringsmøte flytta til nett

På bakgrunn av dei tiltaka som er innførte for å hindra Korona-smitte, er orienteringsmøtet for lag og organisasjonar flytta til eit nettmøte. Klokkeslettet er framleis klokka 19.00, måndag 9. november.

Møtelinken de brukar for å delta på Teams-møtet er:

Click here to join the meeting

Så er det sjølvsagt nokre som ikkje kan delta på Teams. Det er rom for at inntil 20 møter på samfunnshuset, men nummer 21 må snu i døra, og venta på ein eventuelt andre runde for orienteringsmøte. Det vert sett opp stolar med to meters avstand, og me stiller med handsprit. Me prøver å unngå å bruka toaletta, så det blir ingen kaffitår for dei som stiller på samfunnshuset.

Dei siste Korona-tiltaka som vart vedtekne av Kommunal Kriseleiing fredag 6. november, og gjort gjeldande frå og med natt til måndag 9. november, finn de her på nettsida til kommunen


Sist oppdatert: 08.11.2020
Publisert: 08.11.2020