HjemNyheterOppstart av Medisinsk Yoga

Oppstart av Medisinsk Yoga

OBS: Fullteikna! Det blir starta opp medisinsk yoga på Seniorsenteret, i eit tilbod som er ope for alle.
Publisert: 10.04.2024
Sist endra: 11.04.2024

OBS: Her gjekk det berre ein kveld før yogaen vart fullteikna. Dei som har meldt seg, får beskjed om dei får plass eller ikkje. De andre som ikkje har meldt dykk, må venta til hausten når det kjem nye sjansar.

---

Medisinsk yoga eller MediYoga er ei yogaform som har sine røter i tradisjonar i Austen, men med ei vestleg tilnærming. Programma/øvingane har dokumentert effekt, vist gjennom forsking.

Forsking har vist at medisinsk yoga hjelper mot mange plager og sjukdommar. Når du utfører øvingane vil du gjennom bevegelse, avspenning og pusteteknikkar få ei treningsøkt som alle kan ha utbytte av. Dette er mjuke, enkle øvingar som også passar for deg som kanskje har ei helseutfordring eller sjukdom.

Øvingane kan tilpassast, slik at alle kan gjennomføra dei. Dei kan utførast på matte liggande, ståande eller på ein stol.

Du treng ikkje ha noko spesiell sjukdom eller helseutfordring for å delta, men det er ønskeleg med påmelding da det er avgrensa med plassar.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis fram til sommaren.

Når er det yoga?

  • torsdag 25.04.2024, kl. 16.00 til 17.00
  • torsdag 2.05.2024, kl. 16.00 til 17.00
  • torsdag 23.05.2024, kl. 16.00 til 17.00
  • torsdag 6.06.2024, kl. 16.00 til 17.00

Påmelding:

Send ein e-post til marie.therese.vabo@austrheim.kommune.no
Påmeldingsfrist onsdag 24. april

Har du spørsmål?

Ta kontakt på e-post marie.therese.vabo@austrheim.kommune.no

Eller telefon 96 61 07 62