HjemNyheterOppstart av arbeid med kommunal trafikksikringsplan i Austrheim kommune - Innspel

Oppstart av arbeid med kommunal trafikksikringsplan i Austrheim kommune - Innspel

Finansieringa av arbeidet vert eigeninnsats og løyvde midlar på kr. 100.000 til arbeidet frå Vestland fylkeskommune.

Austrheim kommune vil oppfordra til innspel både frå lag/organisasjonar og innbyggjarane våre. De har alle mykje kunnskap og erfaring som er verdifull. Austrheim kommune vil ha innspel både på fysiske trafikksikringstiltak, haldningsskapande tiltak og opplevd utryggleik i trafikken.

Eksisterande trafikksikringsplan frå 2016 som no skal reviderast finn de på heimesida til Austrheim kommune, klikk her: 

Vestland Fylkeskommune si saksutgreiing med tilskot til utarbeiding av kommunale trafikktryggingsplanar, kan de lesa ved å klikka her:

For å sjå saksframlegget til formannskapet 28. januar, klikk her:

Frist for å komme med innspel er sett til 25. mars 2021. Skriv kort, men godt. Merk på kart om naudsynt.

Adresse er:
Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

eller på e-post: post@austrheim.kommune.no

Rådmannen


Sist oppdatert: 11.02.2021
Publisert: 11.02.2021