HjemNyheterOppdaterte råd om Korona-virus

Oppdaterte råd om Korona-virus

Spreiinga i Norge av Korona-viruset endrar seg frå dag til dag, men råda frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet er mykje dei same: God handhygiene - fornuft med tanke på smittefare - og ei generell føre var-haldning.

Dette er i dag fredag 13. mars sendt ut frå Austrheim kommune, om tilbod til born i skule og barnehage der foreldra har arbeid som vert rekna som samfunnskritisk viktig.

Regjeringa har torsdag 12. komme med desse endringane, via Helsedirektoratet: 

Helsedirektoratet stenger alle barnehager og skoler

Austrheim kommune har torsdag 12. mars gjort vedtak om å stenga skular og barnehagar:

Stenger skular og barnehagar

Austrheim kommune har onsdag 11. mars gjort to tiltak i arbeidet mot Korona-smitte: 

Austrheim stenger kommunale bygg for utleige

Krav til arrangørar i samband med Korona

 

Strenge føringar på reiser for helsepersonell

Kommunen viser særleg til det Helsedirektoratet seier om helsepersonell og reiser: 

"Tiltak for å sikre helsepersonell i Norge

Vedtak etter lov om  helsemessig og sosial beredskap § 4-1 første ledd om forbud mot utenlandsreiser for helsepersonell som jobber med pasientbehandling

For å opprettholde nødvendig helse- og omsorgstjenester, har Helsedirektoratet med hjemmel i lov 23. juni 2000 nr. 56 om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapsloven) § 4-1 første ledd andre punktum, jf. tredje ledd gjort følgende vedtak:

Helsepersonell som jobber med pasientbehandling forbys å reise til utlandet. Forbudet gjelder  både tjenestereiser og privatreiser. Vedtaket gjelder fra i dag og foreløpig ut april 2020."

 

Bakgrunnen for tiltaka mot Korona-smitte er sjølvsagt at ein ønskjer å avgrensa smitten. I tillegg til at det er viktig å strekkja eventuelle sjukdomstilfelle ut i tid, slik at ikkje alle som er sjuke vert det samstundes. 

Til dømes vil det vera uheldig om mange innan helsetenesta er sjuke samstundes, då det vil gå ut over tilbodet til dei pleietrengande. Ein kan slik seia at det ikkje er sjukdommen i seg sjølv som er farlegast, dei aller, aller fleste vil takla dette godt, men dei følgjene eit utbrot kan få for dei som er kritisk avhengige av helsetenester.

Som ved andre influensavirus slår det hardast ut for dei som allereie har ein annan sjukdom. Rådet frå Helsedirektoratet er difor at ein ringer legekontoret først, heller enn å møta opp på direkten og kanskje utsetja andre på venterommet for smitte.

Ved mistanke om smitte:

Alle som trur dei kan vera smitta skal dermed først ringa Austrheim legekontor på 56168200, eller utanom opningstid Nordhordland Legevakt på 116 117. På telefon skal ein så avklara om det skal testast for Korona-smitte, noko som eventuelt skal skje i heimen eller andre stader utanfor legekontoret. Dette gjer ein altså avtale om per telefon.

Folkehelseinstituttet har oppretta ein eigen Informasjonstelefon om koronavirus, der ein kan ringa 815 55 015 dersom ein har generelle spørsmål om sjukdommen og smitte. Ved mistanke om smitte skal ein framleis kontakta Austrheim legekontor på 56168200, eller utanom opningstid Nordhordland Legevakt på 116 117.

Særleg for tilsette i helse- og omsorgstenesta

Spesielt for tilsette i helse- og omsorgstenesta, har Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet komme med ei eiga tilråding. Tilsette i denne sektoren, som har vore i område med utbreidd smitte med covid-19 (Korona), skal vere heime frå arbeid i fjorten dagar frå den dagen dei kom heim. Føremålet er å redusere risikoen for smitte til pasientar og tilsette i tenesta.

Rådet har tilbakeverkande kraft for reisande som kom heim for under fjorten dagar sidan.

Her er link til Folkehelseinstituttet: Råd for helsetjenestens ansatte (helsepersonell og andre) som har nær pasientkontakt.

Nye reglar om sjukemelding

I samband med Korona-viruset har Nav oppdatert sitt rundskriv om sjukemeldingar, der det vert opna for at legen kan sjukemelda på grunnlag av mistanke om smitte: "Dersom legen etter en faglig forsvarlig vurdering kommer til at personen antas å være smittebærer av en slik sykdom, og det er viktig at personen ikke arbeider av hensyn til å motvirke spredning av den smittsomme sykdommen, skal dette godtas som grunnlag for sykepenger". For heile teksten leit opp rundskrivet på Lovdata, søk i dokumentet etter "Smittefare".

Eigenmelding for elevar

Utdanningsdirektoratet kom 4. mars med denne meldinga:

"
Midlertidig unntak fra dokumentasjonskravet ved fravær av helsemessige grunner

Ut skoleåret vil elever som har fravær av helsegrunner, slippe å gå til fastlegen for å få dokumentert fraværet.

Bakgrunnen for dette er at helsepersonell må prioritere annet arbeid, blant annet med koronaviruset. Helsedirektoratet har bedt om at elever ikke oppsøker fastlegen for å få dokumentasjon på fravær av helsemessige grunner.

Kunnskapsdepartementet har besluttet at unntaket fra dokumentasjonskravet for fravær skal gjelde ut skoleåret 2019/2020. Fra skolestart høsten 2020 vil de vanlige kravene til dokumentasjon igjen være gjeldende.

Foreldre til elever under 18 år og elever som er myndige, kan selv skrive egenmelding. Unntaket fra fraværsreglene gjelder fra 4. mars 2020. Endringen gjelder både for fraværsgrensen i videregående, og for føring av fravær på vitnemål og kompetansebevis i grunnskolen og videregående." 

Film om Koronaviruset

Helsedirektoratet har laga ein film om Koronaviruset. Den er mest laga for barn og unge som har spørsmål om viruset, men kan sikkert vera informativ også for vaksne. I filmen svarar Helen (lege i Helsedirektoratet) på spørsmåla frå Hermine på 13 år, og du finn den på YouTube på denne linken.

Særlege råd for besøk på sjukeheimen

Bebuarar på Nordliheimen er særleg utsette for smitte av denne typen, og vil med helse svekka av andre årsaker kunna verta hardare råka enn dei fleste andre. Helsedirektoratet har komme med særlege råd for besøk til denne typen institusjonar. Kort oppsummert er rådet at ein ikkje dreg på besøk dersom ein:

- I løpet av dei siste 14 dagane har vore i område med vedvarande spreiing av Korona/Covid-19.
- I løpet av dei siste 14 dagane har vore i nærkontakt med person som er stadfesta smitta av Korona/Covid-19.
I løpet av dei siste 14 dagane har hatt teikn til luftvegsinfeksjon.

Les heile brevet frå Helsedirektoratet her:

 

For tidlegare informasjon frå Austrheim kommune om Korona-viruset sjå her:

 


Sist oppdatert: 13.03.2020
Publisert: 02.03.2020