HjemNyheterOpnar hall og basseng

Opnar hall og basseng

Etter at det kom nye nasjonale Korona-tiltak frå 14./15. januar, bestemte kommunal kriseleiing (KKL) at ein igjen skulle opna idrettshallen for bruk etter skuletid, og at bassenget på Kaland kan brukast for trening og offentleg bading.

Det har tatt nokre dagar å få på plass det praktiske kring reinhald og liknande, men no er dette klart. Austrheim idrettslag har i dag torsdag 20. januar fått beskjed om at hallen igjen kan brukast på ettermiddag og kveld. Og bassenget kan brukast til offentleg bading frå måndag 24. januar.

Det er dei nasjonale avgrensingane som gjeld for bruken av både basseng og idrettshall, med tanke på antal, og ulike andre Korona-tiltak. 


Sist oppdatert: 21.01.2022
Publisert: 20.01.2022