Opna Vardebrua med flagg og kakefest

Både Kaland skule og Kaland barnehage var på plass med sine, og laga til skikkeleg fest under opninga av Vardebrua fredag 23. september.

Flagga var på plass, born og unge stemte i med Anne Hvidsten sin «Heim til Austrheim»-song, og etterpå var det eit stykke sjokoladekake til alle.

Det har nok tatt litt meir tid enn mange hadde håpa, men tidleg i haust vart gangbrua endeleg løfta på plass over fylkesveg 565. Og med alle gjerde og det siste på plass var det no klart for den offisielle opninga, med representantar frå dei som har planlagt, gjort grunnarbeidet og levert sjølve brua. 

Rune Ulvatn AS har hatt grunnarbeidet, med betongfundament for brua og gangvegar, MSS (Module Solutions & Systems) har levert sjølve bruspennet som er i fiberarmert polymerkompositt, og Multiconsult har vore inne med støtte til Nordhordlandspakken som er byggherre.

At Nordhordlandspakken er byggherre betyr at det er bompengane som betalar bruprosjektet, som med tilførselsvegar og det heile har ei kostnadsramme på 19 millionar kroner. Alt i alt er det gjort trafikksikringsarbeid på Kaland/Fonnes for 23 millionar, med busstopp og fortau, og i dette har kommunen gått inn med ein halv million kroner.

Vardebrua knyter saman områda rundt Kaland skule, slik at det til dømes vert mogleg å gå frå Fonnes til skulen utan å kryssa fylkesvegen.

Snorklipping Miruna-Mihaela Pop

Sjuandeklassing ved Kaland skule Miruna-Mihaela Pop fekk klyppa bandet under opninga. Dei som heldt bandet er varaordførar Inger Lise Brekke (til høgre og frå partiet Høgre), og Jannicke Bergesen Clarke (til venstre og frå partiet Ap). Clarke er leiar av utval for Samferdsle og mobilitet i Vestland fylkeskommune.

Elevar Kaland skule

Elevar og lærarar song Anne Hvidsten sin «Heim til Austrheim»-song.

Elevar frå Kaland skule, kommunedirektør Bjørnar Fjellhaug

Elevar og tilsette frå Kaland skule, og til venstre kommunedirektør Bjørnar Fjellhaug.

Dronefoto av brua

Vardebrua. Dronefoto: Alf Kvant.


Sist oppdatert: 23.09.2022
Publisert: 23.09.2022