Ønskjer sjøfarande velkomne til Austrheim

Mange reiser med båt forbi øykommunen vår, og sjølvsagt ønskjer me at flest mogleg tar seg ein stopp og oppdagar dei mange flotte plassane i Austrheim. Det kan vera ein stopp i Kilstraumen, eller ei overnatting på den nye turlagshytta i Rongevær. 

Redningsselskapet har ei eiga side der ein kan finna informasjon om hamner og andre destinasjonar langs kysten, i tillegg til kvar ein kan fylla diesel eller få utført service.

Her kan du sjå Austrheim-sida på www.velihavn.no (klikk på lenka - ekstern lenke).

Og sjølvsagt kan du der sjå bilde av redningsskøyta RS «Kaptein E. Nygård», som er basert i Austrheim.

RS «Kaptein E. Nygård»


Sist oppdatert: 16.09.2022
Publisert: 16.09.2022