Onsdag testar Sivilforsvaret varslingstyfonane

Onsdag 10. juni klokka 12.00 testar Sivilforsvaret signalet «Viktig melding – søk informasjon» i alle kommunar der det er montert varslingsanlegg.

Sivilforsvaret, som er ein del av DSB, testar varslingsanlegga fast i januar og juni kvart år.

Dette signalet vert sendt som tre seriar med eitt minutts opphald mellom kvar serie. Signalet betyr at du skal søka informasjon i for eksempel radio, tv, aviser, nasjonale styresmakter sine nettsider og sosiale media.

Rundt om i landet er det kring 1.250 tyfonar som skal varsla befolkninga ved akutt fare. Varslingsanlegga kan bli brukt både i fred og krig. I fredstid kan varslingsanlegga mellom anna brukast om det skjer industriulukker med utslepp av giftige eller farlege stoff.

Les meir om varslingssignala på sikkerhverdag.no og høyr signala på sivilforsvaret.no.

Du kan sjå ei oversikt over alle varslingsanlegga i DSBs kartløysing, klikk her. Velg «Temalag», «Sivilforsvaret», og huk av for «Varslingsanlegg». Der ser ein at næraste anlegg er i Knarvik.

Du kan også lesa meir om varslingssystemet på heimesida til Sivilforsvaret:


Sist oppdatert: 09.06.2020
Publisert: 09.06.2020