Omsorgstilbod til born i barnehage og skule

Omsorgstilbod for born i barnehage og skule

Skular og barnehagar er stengde frå og med fredag 13.03.2020 og i første omgang til etter påske 13. april. 

Kommunen skal ha eit omsorgstilbod for barnehageborn og elevar frå 1.-4. steg med foreldre/føresette som arbeidar med kritiske samfunnsfunksjonar. Det er også eit tilbod for born og elevar med særlege omsorgsbehov. 

Dette vil gjelda i den perioden barnehagane og skulane er stengt. 

Helsedirektoratet gjev føringar for at styrarar av barnehagar og rektorar ved barneskular må sørgje for eit tilbod til born av foreldre/føresette som arbeidar i helse- og omsorgstenesta, transportsektoren eller innan andre kritiske samfunnsfunksjonar. Desse er lista på helsedirektoratet sine heimesider og vil også verte lagt ut på heimesida til Austrheim kommune. Føremålet er å kunne oppretthalde verksemda i helse- og omsorgstenester og andre kritiske samfunnsfunksjonar og unngå at personar i risikogrupper vert nytta til barnevakt. 

Retten til eit omsorgstilbod vert handtert av den einskilde barnehage og skule. Tilbodet gjeld frå og med fredag 13.mars. 

Rett til plass i omsorgstilbod

Foreldre/føresette som kvalifiserer for eit omsorgstilbod grunna arbeidet sitt med samfunnskritiske funksjonar, må levere ei stadfesting med dokumentasjon frå arbeidsgjevar. Dokumentasjonen må leverast skule/barnehage måndag 16. mars. Retten gjeld foreldre/føresette der begge har eit arbeid som har ei samfunnskritisk funksjon eller der ein eineforsørgjar har eit slikt arbeid.

Om omsorgstilbodet

Barnehage:

Omsorgstilbodet skal gå føre seg innanfor barnehagen si ordinære opningstid. 

Skule:

Omsorgstilbodet for småsteget (1.-4.steg) skal gå føre seg innanfor skule og SFO si ordinære opningstid. Det tyder at elevar som ikkje har plass på SFO, ikkje får plass i omsorgstilbodet i SFO si opningstid. Eleven får same opplæringstilbod som elevane heime. 

Barn med særskilde omsorgsbehov

Det er i første omgang føresette som må vurdere bruk av tilbodet opp mot bornet og eleven sitt omsorgsbehov. 

Barnehage og skule:

Barnehagar og skular med born og elevar som treng ekstra hjelpetiltak og tilsyn, skal tilby omsorgstilbod for desse borna. Dette gjeld multifunksjonshemma born og born med andre særskilte utfordringar. 

For skule gjeld særskilt:

- Elevar som nyttar SFO/tilsynsordning på ungdomssteget

- 5.-7. stegs elevar som har plass i SFO

- Elevar på 1.-4.steg som vil kvalifisera til SFO-plass frå 5.steg

Du må melda frå til rektor eller styrar ved skulane eller barnehagane dersom de har behov for tilsyn. 

De kan også følgja med på facebooksida og heimesida vår for meir og oppdatert informasjon. 

Austrheim, 13.03.2020

Med helsing 
Bjørnar Fjellhaug
kommunalsjef oppvekst og kultur


Sist oppdatert: 13.03.2020
Publisert: 13.03.2020