HeimNyheterOm eigedomsskatt i Austrheim

Om eigedomsskatt i Austrheim

Du har kanskje merka deg at det er eigedomsskatt her i Austrheim, men er ikkje sikker på kven det gjeld? Det skal du få vita meir om her.

Som i mange andre kommunar er det eigedomsskatt både på næringseigedommar, og det som gjerne vert omfatta av samlenamnet «verk og bruk». Maksimal sats for denne eigedomsskatten er sju promille av taksert verdi, og det er den satsen Austrheim brukar. Denne typen eigedomsskatt må handsamast av kommunestyret kvart år, slik at vedtaket gjort av kommunestyret 12. desember 2019 gjev kommunen rett til å krevja inn denne skatten i 2020.

Retten til å krevja eigedomsskatt er heimla i Eigedomsskattelova § 3. Austrheim kommune nyttar seg berre etter retten som er nemnt i punkt D i denne.

Heile paragrafen lyder slik:

Kommunestyret kan skrive ut eigedomsskatt på anten

a) faste eigedomar i heile kommunen, eller

b) faste eigedomar i klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis eller der slik utbygging er i gang, eller

c) berre på kraftanlegg, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum, eller

d) berre på næringseigedom, kraftanlegg, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum, eller

e) eigedom både under bokstav b og c, eller

f) eigedom både under bokstav b og d, eller

g) faste eigedomar i heile kommunen, unnateke næringseigedom, kraftanlegg, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum.

Når kommunestyret først har gjort vedtaket om eigedomsskatt så skal vedtaket kunngjerast etter eigne reglar, noko som mellom anna er gjort med plassering i Austrheim kommune si annonse i Strilen si fulldekningsavis i februar 2020. Skatteliste for eigedomsskatt er lagt ut til offentleg ettersyn, i tre veker frå 1. mars. I denne perioden kan ein sjå lista ved å komma innom Servicekontoret på kommunehuset. Dei som betalar eigedomsskatt får denne på rekninga saman med andre kommunale avgifter, som vatn, kloakk og feiing. Når det står eigedomsgebyr i rekninga, er dette for dei kommunale avgiftene nemnt her. Det vert sendt ut rekning to gonger i året.

Ordlyden i budsjettvedtaket i kommunestyret i desember 2020 er slik:
(Dette vedtaket kan alle finna via heimesida, gå nedst og klikk på «møteplan», finn møtet 12.12.19 og vel «Møteprotokoll»)
(Nummereringa 6 til 10 handlar om at dette er punkt 6 til 10 i budsjettvedtaket).

6. Kommunestyret skriv ut eigedomsskatt på næringseigedom, kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum jf. eigedomsskattelova (esktl.) § 3 første ledd bokstav d. Eigedomsskattesatsen vert vidareført med 7 promille. Utskrivingsalternativet omfattar også flytande oppdrettsanlegg i sjø, jf. Esktl. § 4 tredje ledd. 

7. Takstvedtekter for eigedomsskatt i Austrheim kommune vedtatt i kommunestyret i K-sak 083/17 i møte 14.12.2017, skal gjelde for eigedomsskatteåret 2020, jf. esktl. § 10. 

8. Kommunen vil i 2020 skrive ut eigedomsskatt på eigedommar som tidlegare var rekna som «verk og bruk» på eit «særskilt fastsett grunnlag» med heimel i overgangsregelen til eigedomsskattelova §§ 3 og 4 første ledd. Det særskilde grunnlaget skal i 2020 være lik 5/7 av differansen mellom eigedomsskattegrunnlaget i 2018 og 2019 som er forårsaka av at produksjonsutstyr- og installasjonar ikkje skal reknast med i grunnlaget. 

9. Kommunen vil i 2020 skrive ut eigedomsskatt på bygningar og grunnareal så langt desse var omfatta av eigedomsskattegrunnlaget for verk og bruk i 2018, jf. overgangsregelen til eigedomsskattelova §§ 3 og 4 andre ledd. 

10. Eigedomsskatten vert skriven ut i 2 terminar jf. esktl. § 25 første ledd. Siste alminnelege taksering i kommunen vart gjennomført i 2018 og 2019.


Sist oppdatert: 26.02.2021
Publisert: 02.03.2020