Nytt system - kan bli litt venting.

  • Me skal gjere vårt beste for at det det ikkje går utover deg som innbyggjar, men både postregistrering og sakshandsaming kjem til å ta lenger tid enn vanleg. Endringa gjeld fleire system, og det er ikkje sikkert vi får alt på stell den første månaden.
  • Mellom 13. og 20. november blir det ikkje oppretta nye saker i vårt system. Slik at om du sender ein søknad i dette tidsrommet, blir den liggjande på vent nokre dagar.
  • Vi byter samstundes innsynsløysing, og ei tid framover kjem vi berre til å fulltekstpublisere dokumentasjon i samband med politiske møter. Postliste med inn- og utgåande brev vert sjølvsagt tilgjengeleg, men altså ikkje sjølve dokumenta.
  • Nytt system også for byggesak – eByggesak.
    Det nye systemet er tilpassa dei elektroniske byggesøknadane som kjem frå føretak eller privatpersonar via eksterne leverandørar. Når vi får slike digitale søknadar legg relevant informasjon seg direkte inn i systemet, vi reduserer risiko for feilregistreringar og får betre kvalitet på sakshandsaminga. Spesielt med tanke på deg som privatperson avviser vi sjølvsagt ikkje papirsøknadar. Våre sakshandsamarar innan byggesak er ikkje kjent for å somla, men det kan vere nokre nybyrjarvanskar i systemet.


Kvifor bytar vi system?

Det er viktig med gode system for politiske møter, dokumentasjonsforvaltning, arkiv og sakshandsaming, med tanke på sikkerheit, kvalitet og dialog med deg som innbyggjar.

Austrheim kommune er ein del av IKT Nordhordland, og innkjøp av nye system skjer i saman med dei andre kommunane i samarbeidet. I år gjekk avtala med tidlegare leverandør ut, og etter ein anbods- og førebuingsprosess er vi nå klar for å ta i bruk nye system. Nye digitale skjema og arbeidsprosessar skal etter kvart sikre betre kvalitet i tenestene vi yter til deg som innbyggjar, og til deg som driv næringsverksemd i Austrheim kommune.


Sist oppdatert: 14.11.2023
Publisert: 13.11.2023