Nytt smitteutbrot i Austrheim

Det er til no i alt sju som har testa positivt for Korona-viruset i dette siste utbrotet, men nokre med bustad i andre kommunar. Ingen er sålangt alvorleg sjuke, men alle får oppfølging. 

Fleire testa seg fredag, og det vert også testing på laurdag og seniare, slik at omfanget av utbrotet kan auka i dagane framover.

Legekontoret jobbar med å kartlegga utbrotet, i samarbeid med fleire andre kommunar, slik at sjuke vert isolerte og nærkontaktar kan bli sett i karantene og innkalla til testing.

For å unngå vidare spreiing av Korona-viruset vert både unge og vaksne oppmoda til å vera ekstra nøye med rutinene: Avstand - reine hender - handsprit, og munnbind der det trengst.

Har du symptom på luftvegssjukdom er det viktig at du heldt deg heime, og har du mistanke om at det kan vera Korona/Covid-19 skal du gå i isolasjon og la deg testa.

Vaksineringa går framover, slik at fleire skal vera beskytta mot viruset, men utbrotet viser tydeleg at me ikkje er ferdige Korona-pandemien i Austrheim.

NB: Vaksineringa pågår og dei som ikkje har fått vaksineavtale  MÅ ta telefonen når legekontoret i nær framtid ringer for å gjera timeavtale!  


Sist oppdatert: 23.07.2021
Publisert: 23.07.2021