HjemNyheterNye rundar med Korona-vaksinering

Nye rundar med Korona-vaksinering

Vaksinering mot Korona vil no skje på legekontoret, og etter bestilling av time. Det er i første omgang sett opp to dagar til vaksinering:

  • Onsdag 23. februar klokka 16.00 til 17.00 - på legekontoret. 
  • Tysdag 8. mars klokka 16.00 til 17.00 - på legekontoret. 

Vil du ha vaksine ein av desse dagane må du ringa Servicekontoret for bestilling av tid. Telefonen er open 09.00 til 15.00 kvar dag, nummeret er 56 16 20 00.

Du kan få dose 1, 2 eller 3. Det skal ha gått minst 4 månader sidan førre dose, dersom du har tatt dose 1 og evt. dose 2 tidlegare. Det er for enkelte grupper mogleg å få den 4. dosen med vaksine, dette er det opp til legen din å avgjera.

Registrering av positivt prøvesvar

Dei aller fleste skal ta hurtigtest heime, og registrera eventuelt positivt svar på denne gjennom tenesta Remin, på lenka under:

Sjølvregistrering av koronatestar og nærkontaktar i Austrheim kommune | ReMin

PCR-testar tysdag og fredag

Legekontoret ønskjer elles å informera om at PCR-test berre vert tatt tysdag og fredag. Det er berre eit fåtal som er tilrådd å ta PCR-test. 

Legekontoret tar berre PCR-test om det er medisinsk grunnlag for det, dette er for personar som søker helsehjelp (diagnostisk testing) og i alle tilfelle der ei PCR-analyse har innverknad på diagnostikk, differensialdiagnostikk og behandling.

Stadfestande PCR-test eller stadfestande antigen hurtigtest til profesjonell bruk vert også tatt for følgjande personar: Personar med primær eller sekundær immunsvikt, her under organtransplanterte og immunsupprimerte.

Det vert ikkje tatt PCR-test av barn om det ikkje er medisinsk grunnlag.


Sist oppdatert: 21.02.2022
Publisert: 21.02.2022