HeimNyheterNye råd og krav om Korona, per 29. oktober 2020

Nye råd og krav om Korona, per 29. oktober 2020

Korona-smitten har dei siste vekene auka på over heile landet, med fleire større smitteutbrot i kommunar ikkje langt frå Austrheim. Denne veka er det Bergen som opplever smittevekst, og i tillegg til nye nasjonale råd har også Bergen kommune komme med eigne råd og påbod.

Kommunal kriseleiing i Austrheim (KKL) har i møtet onsdag 28. oktober diskutert kva råd ein skal gje innbyggjarane i kommunen, for å unngå at me får tilbake ein smittetopp lik den me hadde i september, eller verre.

Det grunnleggande smittevernet er framleis det viktigaste, med reine hender, handsprit og munnbind i enkelte situasjonar, samt avstand til alle du ikkje deler tak med. Internt i kommunen har ein mellom anna avgjort at alle politiske møte vert flytta frå møteromma på kommunehuset og til samfunnshuset, der det er betre plass og lettare å etterleva avstandskrava. Også andre møte og samlingar vert flytta til lokale med betre plass, eller delt opp i fleire møte for å unngå at for mange er samla på ein plass.

Denne veka vart det også avgjort at den planlagde offisielle opninga av dagsturhytta på Vardetangen, som skulle skje søndag 1. november, er avlyst. Det er rett og slett for krevjande å vera sikker på smittevernet når så mange menneske er samla, også utandørs.

Legetenesta sitt arbeid går elles vidare, så langt er 750 personar testa for Korona, og det er fastslått 11 smitta personar. Det er gjennomført smittesporing og råd om karantene og isolasjon for desse, og for ei handfull personar som er testa andre stader. For dei med stadfesta smitte har ein klart å stoppa smittespreiinga.

Oppdatering for nasjonale tiltak og råd, gjeldande frå 28. oktober:

- I private heimar, hagar eller hytter bør ein ikkje ha fleire enn 5 gjester i tillegg til husstandsmedlemmer. Dersom alle gjestane er frå same husstand, kan ein vera fleire. Dette betyr at to familiar kan møtast, også om dei har mange barn.

- Avgrensinga om at ein ikkje bør ha fleire enn 5 gjester, gjeld ikkje for barnehage- eller barneskulekohortar. Barn og unge som er i same kohort i barnehagen eller på barneskulen, er også unnateke frå avstandskravet på arrangement.

- Det er tilrådd at alle er saman med færre personar i sosiale samanhengar, i kortare tid og ikkje med for mange ulike personar i løpet av ei veke.

- Private samankomstar på offentleg stad eller i leigde eller lånte lokale skal ha ei grense på maksimalt 50 deltakarar.

- Dagens opning for å ha 600 personar til stades på utandørs arrangement er avgrensa til å gjelda arrangement der alle i publikum sit i fastmonterte sete.

Regjeringa føreslår vidare å styrka kommunane når det gjeld kontroll med etterlevinga av reglane for arrangement, serveringsstader og arbeidstakarar.

Du kan lesa meir om Regjeringa sine råd og påbod på www.regjeringen.no, og Folkehelseinstituttet har mykje informasjon på sine nettsider www.fhi.no.

Med tanke på at mange reiser mellom kommunane i samband med jobb og fritid, er det naturleg at me i Austrheim ser på våre råd for å tilpassa det til Bergen og andre nabokommunar. Målet er mellom anna at aktivitetar ikkje vert flytta over kommunegrensene på grunn av ulike reglar, og slik medverka til auka smitte. Dei lokale råda (under) er gitt gjennom vedtak i KKL, og basert på det mynde som smittevernoverlegen har til å ta avgjerder som skal førebygga smitte og sikra smittevernet.

Oppdatering for nye lokale tiltak og råd, gjeldande frå 29. oktober:

- Det skal ikkje vera meir enn 50 deltakarar på offentlege arrangement utan fast sitteplass. For arrangement med faste sitteplassar gjeld den nasjonale øvre grensa på maksimalt 200 deltakarar.

- Det skal brukast munnbind på reiser til og frå Bergen, der ein ikkje kan halda ein meters avstand. (Hugs uansett å ha munnbind med deg, for i Bergen er det no påbod om munnbind på kollektivtransport, og i Bergen er det også påbod om å bruka munnbind innandørs på kjøpesenter (med meir) der ein ikkje kan ha minst ein meters avstand).

- Det skal førast gjestelister på alle serveringsstader, også dei utan alkoholservering. Gjestar som ikkje vil legitimera seg skal avvisast.

- For utestader med alkoholservering skal ein ikkje sleppa inn gjester etter 24.00, og det skal heller ikkje serverast brennevin etter klokka 24.00.

- Lydnivået på utestader og serveringsstader skal ikkje overstiga eit nivå der gjester kan halda ein samtale med 1 meters avstand.

- For dei som er avhengig av å bruka kollektivtransport for å komma seg til og frå jobb, og særleg om ein reiser i eller gjennom Bergen, bør ein bruka heimekontor dette er praktisk mogleg og tenleg. 

Lista er ikkje utfyllande. Råd gjeve tidlegare for emne som ikkje er nemnde her, gjeld parallelt med desse tillegga.

Desse råd og krav gjeld inntil vidare, til dei vert letta på eller eventuelt innskjerpa.

Snart åtte månader etter at samfunnet vårt vart stengt ned den 12. mars, håpar me sjølvsagt alle at Korona-pandemien etter kvart er historie. Men tilbakevendande bølger med smitte viser at me ikkje kan sleppa opp enno, så alle må førebu seg på Korona-innsats også i det vidare dagleglivet.


Sist oppdatert: 29.10.2020
Publisert: 29.10.2020