HjemNyheterNye nasjonale tiltak mot Korona

Nye nasjonale tiltak mot Korona

Det er to nye reglar som gjeld no:

  • Om du bur saman med ein som er smitta, må du halda deg heime i karantene til du har eit negativt prøvesvar. Dette gjeld vaksne, anten dei er vaksinerte eller uvaksinerte. 
    Vaksinerte må testa seg på nytt etter sju dagar, medan uvaksinerte må testa seg dagleg i sju dagar med hurtigtest, eller annakvar dag med PCR-test. For born er det ikkje ei plikt å gjennomføra slik testing, men det er ei tilråding. 
  • Om du er smitta med Korona/covid-19, må du vera isolert i fem dagar. Dette gjeld uavhengig av om du er vaksinert eller ikkje. Fram til no har dette kravet vore 2 dagar for vaksinerte utan symptom, så det er såleis ei innskjerping.
    I tillegg må du ha vore feberfri i 24 timar før du går ut av isolasjon.

Nye, nasjonale tilrådingar frå Regjeringa:

  • Nasjonal tilråding om å bruka munnbind i kontakt med helse- og omsorgstenesta.
  • Nasjonal tilråding om å bruka munnbind på kollektivtransport, i taxi, i butikkar og på kjøpesenter det det ikkje er mogleg å halda avstand.
  • Vidareføring av tilrådinga om jamleg testing av skuleelevar i område med aukande smittespreiing og høg belasting i helse- og omsorgstenesta.
  • Regjeringen ber om at kommunar med aukande smitte og høg belasting i helsetenesta vurderer auka bruk av heimekontor.

Les meir om kommunale råd og påbod her:


Sist oppdatert: 01.12.2021
Publisert: 30.11.2021