HjemNyheterNye nasjonale Korona-tiltak

Nye nasjonale Korona-tiltak

Tiltaka gjeld frå måndag 4. januar, og du finn dei her på denne lenka til regjeringen.no.

Her i Austrheim vil kriseleiinga møtast måndag føremiddag, for å sjå nærare på korleis tiltaka slår ut for ulike aktivitetar i kommunen.

Regjeringa sitt råd er at alle ungdomsskular går over til smitteverntiltak tilhøyrande raudt nivå, fram til måndag 18. januar, uavhengig av lokalt smittenivå. Dette inneber at det også i Austrheim vert innført tiltak tilhøyrande raudt nivå på ungdomsskulane, og det kan verta noko digital undervisning. For barneskular er rådet å ha smitteverntiltak tilsvarande gult nivå. Korleis dette vert for dei to skulane i Austrheim, som begge er kombinerte barne- og ungdomsskular, vil rektorane informera om direkte til dei føresette.


Sist oppdatert: 03.01.2021
Publisert: 03.01.2021