Nye båtplassar i Fonnesvågen
En arbeidsgruppe har på oppdrag frå Fonnes Bygdelag jobba med etableringa av ei småbåthamn i Nordre Fonnesvågen. Neste steg er å stifta ei båtforeining, og om alt går etter planen kan båtplassane vera klare til bruk om ikkje lenge.
- Me håpar å stifta ei båtforeining i løpet av sommaren/seinsommaren, og då kan båtplassane vera klare tidleg på hausten dersom alt går som me håpar, fortel Christian Skre.
Han er med i arbeidsgruppa som jobbar med etableringa av ei småbåthamn i Fonnesvågen.
- Anlegget skal etablerast med båsar slik ein ser på illustrasjonen.
Sør i regionen er det mangel på båtplassar, men i Austrheim er det altså moglegheiter mellom anna i Fonnesvågen.
Kontaktpersonar for småbåtanlegget er Inge Fonnes, ifonnes@online.no / 95 23 62 75 og Tommy Fonnes, tommy@fonnesbatservice.no / 95 78 44 11.