HjemNyheterNy søknadsfrist for statleg straumstøtte for frivillige lag og organisasjonar

Ny søknadsfrist for statleg straumstøtte for frivillige lag og organisasjonar

Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som forvaltar den straumstøtteordninga som er oppretta for å hjelpa frivillige lag og organisasjonar med å betala ekstraordinære straumutgifter.

Lotteri- og stiftelsestilsynet opnar for neste søknadsrunde 19. oktober, med søknadsfrist 16. november klokka 13:00. Dei vil utbetala straumstøtte fortløpande etter 19. oktober, slik at dei som søker tidleg kan få pengane raskast mogleg.

Perioden det kan søkast straumstøtte for, er juli-september 2022. Du søker via nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet (klikk på denne lenka)

Søknadsfristen for perioden april-juni 2022 var 7. september. Det er utbetalt nesten 60 millionar kroner i straumstøtte til i alt 4.361 lag og organisasjonar for denne perioden.

Her kan du sjå oversikt over søkarane, søknadsbeløp og tildelt beløp for perioden april-juni 2022.


Sist oppdatert: 14.10.2022
Publisert: 14.10.2022