HjemNyheterNy ordning for Korona-testing, færre skal ta PCR-test

Ny ordning for Korona-testing, færre skal ta PCR-test

I samband med at smitten har auka mykje i landet etter at Omikron-varianten kom til Norge, har omfanget av PCR-testar på kommunale legekontor og testsenter auka mykje. Som resultat av dette har myndigheitene bestemt at det for dei aller fleste er tilstrekkeleg med ein hurtigtest heime. Er denne positiv, så skal du oppføra deg som om du er smitta, utan ein stadfestande PCR-test på legekontoret, eller annan test i regi av legekontoret.

Sjølvregistrering av testsvar

Sidan det er færre som skal til legekontoret for å ta stadfestande PCR-test, er det laga ei ny ordning for registrering av positive sjølvtestar. Det er framleis viktig å registrera positive testar for å skapa eit korrekt bilde over smittesituasjonen.

Du kan registera positiv sjølvtest her: 

Sjølvregistrering av koronatestar og nærkontaktar i Austrheim kommune | ReMin

Har du ikkje mogelegheit til å nytte digital registrering kan du ringa legekontoret telefon 56168200. Les meir om deira telefontid, ved å klikke her. 

Data frå sjølvregistrering vil ikkje gå som melding til MSIS eller til helsenorge.no.

Desse skal ikkje ta stadfestande test på legekontoret:

  • Dei som har fått tre vaksinedosar, inkludert oppfriskingsdose/boosterdose.
  • Dei som har fått dosar koronavaksine og deretter har gjennomgått Korona/Covid-19 i løpet av dei siste tre månadene.

Desse to gruppene har ingen praktisk eller formell nytte av ein slik stadfestande prøve. En person med positiv sjølvtest vert rekna som eit sikkert positivt Korona-tilfelle.

Desse skal framleis ta stadfestande test på legekontoret:

  • Stadfestande prøve med PCR-analyse er framleis tilrådd til alle personar som søker helsehjelp (diagnostisk testing) og i alle tilfelle der ei PCR-analyse har innverknad på diagnostikk, differensialdiagnostikk og behandling.
  • Stadfestande PCR-test eller stadfestande antigen hurtigtest til profesjonell bruk er tilrådd vidareført til følgjande personar:
    • Personar med primær eller sekundær immunsvikt, her under organtransplanterte og immunsupprimerte.

Desse kan ta stadfestande test på legekontoret: OBS: Dette vert ikkje tilbydd i Austrheim

  • Personar som ikkje har fått oppfriskingsdose kan framleis ta stadfestande PCR-test eller stadfestande antigen hurtigtest til profesjonell bruk på kommunal teststasjon (legekontor), dersom dei har trong for dette til koronasertifikat eller av omsyn til vidare vaksinasjonsplan.

  • Barn og unge mellom 0-16 år

Rettleiingar om testing og karantene:

Til deg som må i karantene Informasjon oppdatert 25.01.22 - pdf.fil

Til deg som er husstandsmedlem til ein smitta, men kan halde avstand
Informasjon oppdatert 25.01.22 - pdf.fil

Til deg som husstandsmedlem til ein som er smitta og ikkje kan halde avstand
Informasjon oppdatert 25.01.22 - pdf.fil

Til deg som er øvrig nærkontakt 
Informasjon oppdatert 25.01.22 - pdf. fil

Smittesituasjonen i Austrheim

I veke 3 var det stadfesta 19 nye Korona-tilfelle i Austrheim, til og med torsdag 20. januar. I veke 4 har vi pr. onsdag 26. januar 22 personar som har testa positivt.

Tal frå Folkehelseinstituttet viser at sjølv om smitten aukar mykje, er det likevel nedgang i talet på personar som vert så sjuke at dei må ha plass på intensiv-avdeling på sjukehus. Omikron-varianten gjer at fleire blir smitta, men færre av dei smitta blir alvorleg sjuke, men framleis er det nokon som blir alvorleg sjuke av Korona.

Det er venta at smitten vil auka framover seinvinteren, og for å unngå at situasjonen kjem ut av kontroll held arbeidet fram med vaksine til uvaksinerte og tredje dose vaksine til dei som berre har to, og elles ein kontaktreduserende Korona-tiltak, av den typen me har i dag.

Vaksinering framover

👉Neste runde med vaksinering vert onsdag 2. februar, frå klokka 16.00 til 18.00, i Austrheimhallen. Det vert og vaksinering dei påfølgjande onsdagane.

👉Vaksineringa er for alle som er 18 år eller eldre, det einaste kravet er at det har gått 4,5 månader sidan førre dose.

👉 Det er Pfizer/BioNTech sin vaksine som blir sett. (Laga av Pfizer/BioNTech, har namnet Comirnaty).

👉 Som dei siste gongane er det drop in-vaksinering, altså utan timebestilling.

👉 Dei som ikkje har tatt vaksine, eller berre 1. dose, vert spesielt oppmoda til å vaksinera seg.

👉 Alle over 65 år som ikkje har fått 3. dose, eller 1. eller 2. dose, er også velkomne til drop in-vaksinering.

👉 Hugs munnbind og legitimasjon.

👉 Følg rettleiing for parkering og organisering av sjølve vaksineringa.

Les meir om kvifor det er tilrådd å ta Korona-vaksine, på den statlege nettsida HelseNorge.no, klikk her (ekstern lenke).

Utlevering av hurtigtestar

Alle som har symptom på Korona, kan få gratis hurtigtest på Austrheim legekontor.

Henting av testar skjer på baksida av legekontoret, mellom klokka 14.00 - 15.00

Gå rundt kommunehuset og finn døra innerst under taket, ring på dørklokka, og det kjem nokon ut og leverer test.

  • Er du sjuk må du senda andre for å henta pakken med hurtigtest. Men den som skal bruka testen må ha symptom, med unntak av dei som bur i same husstand som ein som er smitta, sjå under. Om du ikkje har symptom, men ønskjer å ha eit testsett liggande, må du kjøpa deg Korona-test til dømes på apotek eller butikk.
  • Det same om du ikkje kan henta ut mellom klokka 14.00 og 15.00, då må du kjøpa testen på apoteket.
  • Det vert delt ut det tal testar som trengs etter situasjonen. Har du symptom, får du ein test. Er du husstandsmedlem til ein som er Korona-smitta, eller annan nærkontakt til ein Korona-smitta, får du fleire testar.
  • Er ein hurtigtest positiv, må du gå i isolasjon og bestilla ein vanleg Korona-test i regi av legekontoret.
  • Austrheim kommune sin tilgang på sjølvtestar vert styrt av den nasjonale tildelinga, og det er ikkje uavgrensa tilgang. For å sikra at kommunen har testar tilgjengeleg til dei som verkeleg treng dette, skal det prioriterast.

Prioritering av hurtigtestar

Det er Helse- og omsorgsdepartementet som har bestemt korleis bruk av hurtig- og sjølvtestar skal prioriterast i kommunane, og lista er slik:

  • Nærkontaktar av personar med kritiske samfunnsfunksjonar i omikron-utbrot.

Ved symptom:

  • Prioritera tilsette med vage symptom i helse- og omsorgstenestene, andre personar med kritiske samfunnsfunksjonar, og barn.
  • Ved kjent smitteeksponering for husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære:
    • Prioritera barn
    • Prioritera tilsette i helse- og omsorgstenestene
    • Prioritera nærkontaktar ved omikronutbrot

Ved kjent smitteeksponering for andre nærkontaktar:

  • Prioritera barn og tilsette i helse- og omsorgstenestene, eventuelt kritiske samfunnsfunksjonar som er andre nærkontaktar til ikkje-omikronutbrot.
  • Jamleg testing av barn, særleg i område med vedvarande høgt smittetrykk.
  • Jamleg testing i helse- og omsorgstenestene i tråd med Helsedirektoratets tilrådingar, og i område med vedvarande høgt smittetrykk.

Sist oppdatert: 03.02.2022
Publisert: 26.01.2022