HeimNyheterNy nettside for Nordhordland UNESCO biosfæreområde

Ny nettside for Nordhordland UNESCO biosfæreområde

Nordhordland Unesco Biosfære nettside

19. juni 2019 vart Nordhordland utnemnd til UNESCO biosfæreområde, som det første slike i Norge.

  • Eit biosfæreområde er eit læringsområde for berekraftig utvikling. Då Nordhordland fekk denne utnemninga, var det ei anerkjenning frå UNESCO om at denne regionen har særskilt gode føresetnader for å utvikla regionen for ei berekraftig framtid. 
  • Og ikkje berre det: UNESCO synest kvalitetane her i vår region er så interessante og viktige, at det ein gjer her skal vera gode døme for andre rundt om i verda.
  • Området omfattar kommunane Alver, Austrheim, Gulen, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Vaksdal og det som var gamle Øygarden kommune, no del av nye Øygarden.
  • I tillegg er delar av kommunane Høyanger, Vik og Voss med, og i alt bur det vel 55.000 menneske i området.

Les meir på nettsida for Nordhordland UNESCO biosfæreområde (klikk på lenka).


Sist oppdatert: 06.04.2022
Publisert: 06.04.2022