HjemNyheterNy kommunalsjef for samfunn og tenesteyting

Ny kommunalsjef for samfunn og tenesteyting

Rosenlund (41) skal ta til i stillinga frå 1. august 2023. Han er i dag tilsett som dagleg leiar ved Saybolt International si avdeling i Norge. Saybolt er eit selskap som driv med kontroll av kvalitet og kvantitet av oljeprodukt. Rosenlund har også tidlegare jobba i oljebransjen, mellom anna innan subsea-utstyr og logistikk og lagring.

No vert det altså ein kommunal leiarjobb, noko han ser fram til.

- Det vert veldig spennande. Eg har inntrykk av at det er eit leiargruppe som ønskjer å vidareutvikla Austrheim kommune, og det er eit arbeid eg ønskjer å vera med på. Ei viktig oppgåve vert å få fleire arbeidsplassar og fleire innbyggjarar, seier Rosenlund.

Bjarte Rosenlund er radværing, oppvaksen på Mjøs og bur i dag i Bøvågen.

Kommunedirektør Bjørnar Fjellhaug seier at han er veldig nøgd med tilsetjinga av Rosenlund, og har stor tru på at han vil vera ein god kommunalsjef. Fjellhaug viser til at den nye kommunalsjefen har lang og brei leiarerfaring frå det private næringslivet, og eit breitt kontaktnett som vil vera ein styrke inn i jobben.

- Eg ser fram til å få Bjarte med på laget i Austrheim kommune, og han vil delta på nokre samlingar før han formelt startar opp etter sommaren, seier Bjørnar Fjellhaug.


Sist oppdatert: 12.04.2023
Publisert: 12.04.2023