HjemNyheterNordhordland blir biosfæreområde

Nordhordland blir biosfæreområde

Biosfærekart

Utnemninga skjedde i Paris i dag, onsdag 19. juni.

Jarle Skeidsvoll, leiar i styringsgruppa for biosfæreprosjektet i regionen, heldt tale like etter at utnemninga. Han uttrykte stor glede for at Nordhordland, etter mange år med målretta arbeid, no er tildelt status som det første UNESCO biosfæreområde i Norge.

- Dagen i dag markerer eit nytt kapittel i arbeidet for å forma ei berekraftig framtid for Nordhordland - for naturen og for folket som lever her. I dag skal me feira. I morgon skal me saman - på tvers av samfunnet - arbeida mot dette, heiter det i ein uttale frå Skeidsvoll.

UNESCO har plukka ut nye biosfæreområde etter søknad, og der var søknaden frå Nordhordland ein av fleire. Kunngjeringa fann stad under eit koordineringsrådsmøtet for UNESCO sitt prosjekt for "Man and biosphere".

Dette er krava UNESCO stiller til eit biosfæreområde:

- Drifta av eit biosfæreområde krev aktiv medverknad av lokalbefolkninga.

- Initiativet skal komma frå området sjølv, det skal ikkje utnemnast frå statleg hald.

- Fokuset skal vera på berekraftig bruk av natur- og kulturressursar, av omsyn til kommande generasjonar.

- Dette skal vera eit modellområde der heile lokalsamfunnet samarbeider med styresmakter, næringsliv og forskingsinstitusjonar for å fremja berekraftig utvikling, og tilpassa dei sosiale, kulturelle og økonomiske forholda, redusera tap av ikkje fornybare ressursar og biologisk mangfald.

- Områda skal vera representative for ein region; det må finnast eit levande lokalsamfunn, variert kultur- og næringsliv og ulike natur- og kulturlandskap.

Til Paris hadde Skeidsvoll med seg denne delegasjonen frå Nordhordland: Peter Emil Kaland (UiB), Inger Elisabeth Måren (UiB, UNESCO Chair), Kjersti Isdal (NUI) og Kari Evensen Natland (NUI). Passande nok så reiste dei med tog til Paris.

Unesco-feiring i Paris

Les meir om Nordhordland Biosfæreområde på prosjektet si heimeside:


Sist oppdatert: 20.06.2019
Publisert: 19.06.2019