HeimNyheterNo kjem uveret Elsa

No kjem uveret Elsa

Stormflo molo Hoplandssjøen under Elsa - foto Linda Skålevik Syslak

Det er varsla særs høg flo måndag 10. og tysdag 11. februar, med topp seint måndag kveld/natt til tysdag, i samband med uveret Elsa. Meteorologisk institutt estimerer flo 80-100 cm over høgda i tidevasstabellen. Det er flo i Austrheim klokka 23.59 måndag, midt i den verste tidsperioden. Bildet over er teke søndag 9. februar, og viser moloen på Hoplandssjøen. (Foto: Linda Skålevik Syslak)

Kva betyr dette for deg?

Har du båt liggande på ilestein kan stormflo anten trekkja blåse og båt ned om taua er for strame, eller blåsa kan letta på ilesteinen om den er for lett og kjettingen mellom blåsa og ila for kort.
Har du garn eller anna fiskereiskapar liggande like over flomålet, anten ute eller også inne i naustet, kan du risikera at sjøen tar dette med seg.

Måndag er med andre ord rette tida til å sjå etter tinga dine om du har båt, naust eller begge deler. At floa "ryddar" kai og naust kan føra til at du taper verdiar, i tillegg til at det er eit forureiningsproblem om garnbruk, plankar med meir rek på sjøen.

Du kan lesa om tidevatnet og venta vasstand på nettsida www.sehavniva.no, og nettsida met.no.

Stormflo Hoplandssjøen under Elsa - foto Linda Skålevik Syslak

Bildet over er teke søndag 9. februar. (Foto: Linda Skålevik Syslak)


Sist oppdatert: 10.02.2020
Publisert: 10.02.2020