HjemNyheterNo kan ein få Korona-vaksine til barn mellom 5 og 12 år

No kan ein få Korona-vaksine til barn mellom 5 og 12 år

Innbyggjarar i alderen 5 til 11 år kan no få to dosar koronavaksine, dersom føresette og barnet sjølv ønskjer det. Dette gjeld årskulla 2010 til 2016 samt barn fødde i 2017 som har fylt 5 år. All vaksinasjon er frivillig.

Nasjonale styresmakter har bestemt at barn i denne aldersgruppa skal få moglegheit til å ta vaksine mot covid-19, men det er ikkje gitt ei oppmoding eller tilråding om at denne gruppa bør vaksinere seg. Det er derfor viktig at dei føresette sjølv tar stilling til om dei vil vaksinera barnet sitt.   

Vaksinen er særleg aktuell for: 

  • Barn med kroniske sjukdommar
  • Barn i familiar som har nær kontakt med personar med særleg behov for vern mot smitte
  • Barn som har auka risiko fordi dei skal flytta til eller opphalda seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegare tilgang til helsetenester enn i Noreg, eller barn som av andre grunnar lever i ein særleg utsett situasjon

Barn 5-11 år med alvorleg grunnsjukdom, her går det frå «kan» til «bør» la seg vaksinera  

Folkehelseinstituttet (FHI) har no endra sin tilråding når det gjeld vaksinering av barn i denne aldersgruppa, og som har alvorleg grunnsjukdom, og seier no at desse bør vaksinerast. 

Grunngjevinga er: Risiko for alvorleg koronasjukdom for 5-11-åringar med alvorleg grunnsjukdom er liten, men dette er ei gruppe som kan vera sårbare og som derfor bør vaksinerast. For denne gruppa vil to dosar med vaksine, sett med 8-12 vekers intervall, vera aktuelt i dei fleste tilfelle. I enkelte tilfelle kan intervallet mellom vaksinasjonsdosane vera kortare, men ikkje mindre enn 3 veke (absolutt minimumsintervall).

Her er ei lenke til Folkehelseinstituttet sitt Informasjonsbrev nr. 42 om koronavaksinasjonsprogrammet, klikk her (ekstern lenke)

Om Korona-vaksinen

Barn i denne aldersgruppa vil få vaksine laga av Pfizer, vaksine som er tilpassa barn. Vaksinen er ikkje godkjent for barn under 5 år, og barn fødde i 2017 kan såleis ikkje få vaksine før dei har passert 5 år.

Ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI) er det best balanse mellom nytte og ulempe for barn i alderen 5 til 11 år, dersom desse får ein vaksinedose. Det er likevel mogleg å gje også ein dose 2, dersom dei føresette ønskjer dette.

Eit langt intervall på tolv veker mellom dosane gir den beste vaksineresponsen og vil vera viktig for langsiktig vern mot smitte i denne aldersgruppa. Det vil vera rom for fleksibilitet i intervallet, og minimumsintervallet er vanlegvis åtte veker. Barnet vil altså ikkje få andre vaksinedose før det har gått minst åtte veker sidan første dose, med mindre det er spesielle medisinske grunnar for eit kortare intervall, der det då er opna for å korta ned til tre veker.

Slik bestiller du vaksinetime til barnet ditt

I Austrheim kommune er det bestemt at vaksineringa av barn i alderen 5 til 11 år skal skje i regi av skulehelsetenesta for elevar, og helsestasjonen for barnehagebarn over 5 år. 

Føresette som ønskjer vaksinering av sitt barn kan kontakta skulehelsetenesta for elevar, og helsestasjonen for barnehagebarn over 5 år. 

Krav om samtykke 

Begge foreldre med foreldreansvar  samtykka til koronavaksinasjon. Det blir ikkje gitt unntak frå denne regelen, med mindre ein forelder har foreldreansvar aleine og kan dokumentera dette. Minst ein foreldre, som har underteikna samtykkeskjemaet, må følgja barnet til vaksinering. 

Klikk her for å komma til Folkehelseinstituttet sitt samtykkeskjema (felles for alle under 16 år), ekstern lenke

Barns rett til medverknad

Barn har rett til å få tilpassa informasjon. Føresette bør snakka med sine barn om vala rundt vaksinasjon, og hjelpa til med å formidla viktig informasjon knytt til dette. Barn og unge skal bli høyrde, ut frå alder og modenheit. 

Informasjon til deg med barn fødde i 2010 som har fylt 12 år

Er barnet ditt fødd i 2010 og har fylt 12 år? Her har det tidlegare vore ein runde med vaksinering til aldersgruppa 12-15 år.

Dersom barnet ditt har blitt 12 år sidan sist vaksinering, kan du ta kontakt med skulehelsetenesta eller legekontoret dersom det er ønskje om å setta vaksine. 


Sist oppdatert: 28.01.2022
Publisert: 28.01.2022