HeimNyheterNo kan du søkje om sosialhjelp digitalt

No kan du søkje om sosialhjelp digitalt

NAV Fensfjorden har klar ei løysing slik at ein kan søkje heimanfrå heile døgnet, på pc, mobil eller nettbrett.

For å søkje sosialhjelp digitalt, må du logge deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID, eller med andre sikkerheitsløysningar som Buypass eller Comfides.

Treng du hjelp?

Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringe NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon.

Dersom du av ulike årsaker ikkje kan eller ønskjer å nytta deg av den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du framleis bruka papirsøknad. Denne kan lastast ned frå vår nettstad, eller du kan få den tilsendt per brev.

Meir informasjon

På menyen på nav.no, under sosiale tenester og økonomisk sosialhjelp, finn du meir informasjon. 

Les meir om korleis du kontaktar NAV på telefon:

Les meir om korleis du kontaktar NAV - Sosiale tenester:

Her søker du digitalt om sosialhjelp:

Ordninga om å søkje om sosialhjelp digitalt gjeld Nav Fensfjorden-kommunane Modalen, Masfjorden, Gulen, Austrheim og Fedje.

 


Sist oppdatert: 15.04.2020
Publisert: 15.04.2020